Hopp til innhold

Forsvarar: Nye rutinar viser at dei gamle ikkje var gode nok

Sjølv om rutinane for innkjøp vart endra etter at ein tidlegare fylkestopp vart tiltalt for grov økonomisk utruskap, meiner fylkesrådmannen at dei gamle rutinane var gode. –­Uforståeleg, meiner advokat.

Tore Eriksen og Stig Nybø (Montasje)

USAMDE: Fylkesrådmannen Tore Eriksen og advokat Stig Nybø er usamde i om rutinane var gode nok eller ikkje. (Montasje)

Foto: NRK

– Kvifor endrar fylkeskommunen rutinane for innkjøp dersom dei meiner dei gamle var gode nok. Det er uforståeleg at dei kan påstå noko slikt, seier advokat Stig Nybø.

Han forsvarer ein tidlegare sjef i fylkeskommunen som er tiltalt for grov økonomisk utruskap av 3,7 millionar kroner.

Kvifor blir innkjøpsrutinane endra dersom dei gamle rutinane var gode nok?

Stig Nybø

Tidlegare kunne kollegaer i underordna stillingar tilvise innkjøp i fylkeskommunen. Men etter at ein tidlegare sjef i fylkeskommunen dei siste vekene har stått tiltalt for økonomisk utruskap på 3,7 millionar kroner, er rutinane endra.

– No må ein overordna stå for tilvisninga. Slik var det ikkje før, fortel Eriksen.

Kan få tre års fengsel

Aktor har bede om tre års fengsel for den tidlegare sjefen i fylkeskommunen. Tiltalte har kjøpt inn masse teknisk utstyr som til dømes dronar, PA-anlegg, film-, lyd- og fotoutstyr, fjellutstyr og verktøy, utstyr fylkeskommunen meiner dei ikkje har bruk for.

Tiltalte hevdar å ha hatt planar for bruk av utstyret i fylkeskommunal regi og vedgår å ha brukt berre 200.000 kroner på ulovleg måte. Advokat Nybø meiner ei fengselsstraff på mellom 90 og 120 dagar vil vere passande.

Utstyr som den tidlegare sjefen i fylkeskommunen har kjøpt inn.

Her er noko av utstyret den tidlegare sjefen i fylkeskommunen har kjøpt inn. Dronar, film- og fotoutstyr, fjellutstyr, verktøy og lydutstyr var noko av det han kjøpte inn for fylkeskommunale midlar.

Foto: Bård Siem / NRK

Vi tar slettes ikkje sjølvkritikk.

Tore Eriksen

– Misbrukt tilliten

Fylkesrådmann Tore Eriksen meiner dei omfattande innkjøpa kunne skje fordi vedkomande som sat i leiarstillinga har misbrukt tilliten han har vorte vist.

– Fylkeskommunen har no endra rutinane. Viser ikkje dette at dei gamle rutinane var for dårlege?

– Nei, det vil eg ikkje seie. Dei gamle rutinane var forsvarlege. Men når folk tek ein posisjon der dei misbrukar tilliten dei har, så vil vi kunne få problem.

– Tek fylkeskommunen noko som helst sjølvkritikk i denne saka?

– Vi tar slett ikkje sjølvkritikk. Vi har hatt ein god dialog både med fylkesutvalet og kontrollutvalet då saka vart nøsta opp. Vi har ikkje fått noko kritikk for måten vi har handtert saka, seier Eriksen.

Avviser tillitsbrot

Advokat Nybø er av ei heilt anna oppfatning.

– Med gode kontrollrutinar ville ein fort ha oppdaga dersom det vart gjort ulovlege innkjøp. Det at fylkeskommunen no har endra rutinane, viser at dei meiner dei gamle rutinane var for dårleg, seier han.

Nybø hevdar tiltalte ikkje gjorde innkjøpa for å oppnå eiga vinning. Han har heller ikkje vore illojal overfor fylkeskommunen, meiner advokaten.