Hopp til innhold

Forsvarar Tine-nedlegginga på Byrkjelo

Samvirketopp forsvarar nedlegginga av konsummjølkanlegget. Meiner kritikken frå Venstre blir for snever.

Tine Meieriet på Byrkjelo

MISTAR 25 TILSETTE: Delar av produksjonen forsvinn når konsummjølktappinga går over til nytt meieri i Bergen. 160 årsverk er i dag på Tine Byrkjelo.

Foto: Ottar Starheim / NRK

– Venstrepolitikar Gunvald Ludvigsen har feil fokus når han einsidig kritiserer nedlegginga av konsummjølkanlegget på Byrkjelo. Det meiner direktør Ola Hedstein i Norsk landbrukssamvirke.

Tysdag tok venstrepolitikar Gunvald Ludvigsen frå Eid eit oppgjer med det han meiner er dårleg engasjement frå bondenæringa og fylkespolitikarane for å berge arbeidsplassane ved Tine Byrkjelo sitt konsummjølkanlegg.

Ei rekkje sentraliseringsprosessar i Sogn og Fjordane har blitt kraftig kritiserte av lokalpolitikarar. Nedlegginga av politidistriktet, uroa knytt til framtida for Alarmsentralen og nedlegginga av distriktskontoret til Redningsselskapa er blant døma.

– Påfallande stille

Men då landbrukssamvirket Tine kutta distriktsarbeidsplassar vart det påfallande stille, meiner Gunvald Ludvigsen. I Fjordabladet stilte han spørsmål ved kor det vart av misnøgde og engasjerte politikarar.

Gunvald Ludvigsen (V)

KRITISK: Tidlegare stortingsrepresentant Gunvald Ludvigsen (V) meiner det er påfallande stille om meierikuttet.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

– Vi er jo veldig opptekne av distriktsarbeidsplassar, og å sikre dei. Når det skjer ein såpass stor reduksjon hos Tine, så sat eg og venta på at nokon skulle reagere. Men det vart øyredøyvande stille. Det forundrar meg, seier Ludvigsen til NRK.no.

– Gjer diskusjonen for liten.

Men direktør i Norsk landbrukssamvirke Ola Hedstein seier også dei må drive økonomisk effektivt. Han meiner Ludvigsen gjer rett i å argumentere for arbeidsplassar i distrikta, men at debatten blir for liten om ein berre isolert ser på ein enkelt arbeidsplass.

Ola Hedstein

MÅ DRIVE EFFEKTIVT: Ola Hedstein, direktør i Norsk Landbrukssamvirke, meiner også samvirkeorganisasjonane må drive effektivt.

Foto: Pressefoto / Norsk landbrukssamvirke

– Eg trur det er viktig å seie at det som har vore sukssesformelen for landbrukssamvirket gjennom hundre år er evna til å fornye seg, og tilpasse seg marknaden.

Hedstein meiner Venstre og samvirkeorganisasjonane har ei felles interesse av å sjå på næringa si rolle i det framtidige grøne skiftet.

– Debatten er større og handlar også om korleis vi skal nytte fornybare naturrressursar til å endre norsk økonomi i det grøne skiftet. Då gjeld dette nettopp naturresursane i havbruket, landbruket og skogbruket. Mellom anna jobbar vi med å få i gang ny proteinproduksjon gjennom å kombinere skogbruk og havbruk.

Vedgår at hovudkontor i byane kan diskuterast

Venstrepolitikar Gunvald Ludvigsen er også kritisk til at samtlege av dei store samvirkeorganisasjonane har organisert seg med hovudkontor i Oslo-regionen. Han meiner også landbruket må ta ansvar for å desentralisere.

Hedstein vedgår at Ludvigsen her har eit poeng.

– Det er også ein betimeleg debatt. Det kjem stadig ny teknologi, så kor det er rett å ha hovudkontor i framtida kan ein godt diskutere.