Forsvarar Kystradio-kutt
Justisminister Per-Willy Amundsen (Frp) garanterer for tryggleiken til havs etter ei omorganisering av kystradioane, melder Firdaposten. Frå 2018 legg Telenor ned kystradioane i Florø, Vardø og Tjøme. Berre i Florø misser åtte tilsette jobben. Amundsen meiner lokalkunnskap har blitt mindre viktig dei siste tiåra, og at moderne tekniske løysingar kan erstatte dette.