NRK Meny
Normal

– Naturleg og klokt å plassere leiaren i Førde

Regionlensmann Arne Johannessen forsvarar Førde som hovudsete for politiet i Sogn og Fjordane. – Uroa til Flora-ordføraren er grunnlaus, seier han.

Arne Johannessen

FORSVARAR: Regionlensmann i Sogn, Arne Johannessen, har sjølv sete i styringsgruppa som føreslo å leggje hovudsetet for politiet i Sogn og Fjordane til Førde.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

– Ut frå kriteria vi i styringsgruppa drøfta, så er det eit klokt og naturleg val. Vi har sagt at den geografiske leiinga må vere meir i eit tyngdepunkt i distriktet, der ein også har største del av kriminaliteten og har nærleik til domstol og ein del andre funksjonar, seier regionlensmannen i Sogn.

Byggjer nytt

I går vart det klart at politimeister Kaare Songstad ynskjer å plassere sjefen for politiet i Sogn og Fjordane i Førde. Under det tidlegare Sogn og Fjordane politidistrikt var politimeisterstillinga i Florø.

I tillegg skal fylket delast opp i tre likestilte lensmannsdistrikt som blir leia frå Nordfjordeid, Førde og Sogndal.

– Sist handla det om at ein allereie hadde operasjonssentralen i Florø, og at det var naturleg at også politimeisteren sat der. Når operasjonssentralen no blir flytta til Bergen, kan ein sjå på det på nytt. Det har vi gjort. Dette er ein følgje av omorganiseringa og at vi byggjer nytt distrikt, seier Johannessen.

Kritisk ordførar

Ola Teigen

UROA: Ordførar Ola Teigen (Ap) er uroa for at politihuset i Florø er i ferd med å bli bygt ned.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Avgjerda til politimeisteren vart ikkje teken godt imot i Flora. I tillegg til politidistriktet, har ordførar Ola Teigen (Ap) allereie mista Skattekontoret og Florø Radio skal vekk.

Ordføraren fryktar at politimiljøet i Florø blir svekka.

– Vi har valt ei konstruktiv samarbeidslinje med Vest politidistrikt i håp om at vi skulle få til gode løysingar. Så langt kan det sjå ut til at det er ein skivebom, så i dag må eg seie at eg er skuffa, sa ordføraren.

– Grunnlaus uro

Johannessen meiner uroa til Teigen er grunnlaus.

– Florø-miljøet blir vareteke. Det blir bygt opp nye funksjonar i Florø, som styringsgruppa også støttar opp. Vi skal framleis ha desentraliserte funksjonar på ei rekkje politifaglege og administrative oppgåver i Sunnfjord, Nordfjord og Sogn, seier han og avsluttar:

– Så må ein hugse at det ikkje er snakk om å bygge verken opp eller ned. Det er berre plassering av leiarfunksjon, med ein person som administrativ støtte.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.