Hopp til innhold

Forstua fingeren ei veke før han skulle spele piano på UKM

Mozart sine stykke for piano er ofte gymnastikk for fingrane. Bjørnar Oppedal frå Gulen fekk endå ei utfordring; ein forstua finger, ei veke før framsyninga.

Bjørnar Oppedal på UKM

LET SEG IKKJE STOPPE: Ein idrettsskade på skulen var ikkje nok til å hindre Bjørnar Oppedal frå å gå på scena i Førdehuset på fylkes-UKM i helga.

Foto: Signe Fuglesteg Luksengard / NRK

– I går klarte eg ikkje å spele i det heile. I dag fekk eg Ibux-salve, og heldigvis gjekk det fint, seier Bjørnar Oppedal (12) frå Gulen.

Kanonball

Ei veke før fylkesmønstringa forstua han fingeren i kanonball på skulen. Mor Solfrid Vatle Oppedal erkjenner at dei har vore litt nervøse, og er letta over at det gjekk så bra.

Oppedal har spelt piano i 5–6 år, og det er andre gong han er med på UKM. I år er det litt ekstra spennande ettersom han har moglegheit til å kome vidare. Stykket er «Rondo alle turca» av sjølvaste Mozart.

– Eg begynte på den i fjor, men har øvd mykje meir i det siste.

Han synest det er kjekt å vere tilbake på UKM.

– Eg har allereie møtt att nokre eg vart kjend med i fjor, fortel 12-åringen.

(Artikkelen held fram under videoen.)

UKM Sogn og Fjordane

SJÅ VIDEO: Her er Bjørnar sin opptreden under UKM i Førdehuset søndag.

Heile søskenflokken

Oppedal har to eldre systrer som også speler piano. Sjølv fekk han valet mellom piano og gitar, og då var valet enkelt.

Forutan Mozart nemner han Yann Thiersen, bl.a. kjend for filmmusikken til «Den fabelaktige Amelie frå Montmartre» som ein komponist han likar.

– Systera mi spelte ein del av han, så eg fekk lyst til å prøve.

No når spelinga er unnagjort skal han slappe av og sjå dei andre frå Gulen opptre.

– Eg håpar å kome vidare, men eg trur ikkje det er så sannsynleg.