Normal

Førsteplass til korps frå Lavik

Lavik Skulemusikk stakk av med ein førsteplass og ein tredjeplass i tre konkurransar på Nordsø-festivalen i Danmark i helga.

17 korps frå heile Noreg var samla for å konkurrere. Dei 34 musikantane frå Lavik er i alderen 10 til 19 år. Solund skulemusikk vann òg ein av konkurransane.

Leiar i Lavik Skulemusikk, Rolf Aamot, er svært nøgd med resultatet.

- Musikalsk sett er dette det største vi har vore med på. Ungane er veldig nøgde, og stemningen var høg, seier han.

Vegopning på Bergum i Førde kommune