Miljøpartiet sin fyrstekandidat har kriselager på loftet

Miljøpartiet Dei Grøne sin fyrstekandidat i Sogn og Fjordane, Tor Øyvind Westbye, er ikkje overraska over at klimaendringane får lite merksemd. Sjølv er han budd på ein krisesituasjon og har eige beredskapslager på loftet.

Tor Øyvind Westbye

LAGER: Tor Øyvind Westbye har eit eige matlager på loftet.

Foto: Lars Ivar Nordli / NRK

FNs klimapanel la førre veke fram ein rapport der dei slår fast at verdshava vil stige med ein halvmeter og Golfstraumen verte svekt med tretti prosent innan femti år. Meir ekstremt vêr er ei av følgjene av klimaendringane. Tor Øyvind Westbye er budd på ein naturkatastrofe.

Bak ei luke i taket på kjøkenet hans i Vieåsen i Førde skjuler det seg ein stige opp til loftet. Der har Westbye lagra mat og utstyr i tilfelle krise.

– Eg er oppteken av å vere sjølvberga skulle det oppstå ei større krise, og har nok mat til å klare meg i fleire månader. Her har eg kanskje tjue kilo ris, femten-tjue kilo med erter og bønner, ein god del hermetikk, sju-åtte kilo pasta. Dette er basisprodukt som du kan leve ganske lenge på, seier Westbye.

Oppteken av beredskap

Dei Grøne-kandidaten, som på nokre meiningsmålingar er inne på Stortinget med eit utjamningsmandat, har bakgrunn frå Heimevernet og er oppteken av beredskap.

Han er uroa for korleis verda kan sjå ut om få år.

– Eg har to born og er svært bekymra for kva slags livsgrunnlag dei vil ha om tjue-tretti år. Eg er bekymra for at me kan få global matvaremangel og at me ikkje vil vere i stand til å fø vår eiga befolkning, seier Westbye.

Fryktar ikkje klimaendringar

I kantina på Øyrane vidaregåande skule er det matpause. To elevar sit ved eit bord og pratar, men klimaendringar er ikkje eit tema som engasjerer.

– Det er ikkje noko eg tenkjer på i kvardagen, eg synest at ting går som det skal, eigentleg, seier Erikstad. Kompisen André Torvund er samd.

– Det er ikkje noko eg bekymrar meg for, seier han.

Erikstad trur ein må tenkje praktisk om klimaet til dømes vil verte kaldare.

– Då er det vel berre å byggje på husa og skaffe oss varme nok klede, seier han.

Politikarane sitt ansvar

Tilbake i Vieåsen har Westbye teke turen til leikeplassen med den vesle dottera si på 11 månader. Han er ikkje overraska over at klimakrisa får lite spalteplass.

– Eg trur ikkje det imponerer nokon når FNs klimapanel seier at det no er enno meir sannsynleg at klimaendringane er menneskeskapte enn det var for nokre år sidan. Eg trur dei fleste anten har akseptert at det er stor fare for klimaendringar, og ser at ein må gjere noko, eller så vel dei å sjå litt bort frå det.

Westbye meiner det er politikarane sitt ansvar å opne auga til folk flest.

– Ein slik rapport burde ha hatt ein verknad på politikarane. Dei skal utvikle ein politikk som er forskingsbasert, og difor må dei lytte til denne forskinga og ta den på alvor. Me treng politikarar som tek dette alvorleg og går føre. Politikarar skal ikkje berre forme ut lover, men òg vere moralske førebilete, seier han.

Trur matvaremangel er realistisk

Medan dottera pludrar i armane hans, teiknar Westbye eit dystert bilete av klimaet i framtida.

– Eg trur ikkje at ho vil leve i eit velferdssamfunn som det me har i dag når ho blir vaksen. Eg trur matproduksjonen vil vere drastisk svekka internasjonalt, og truleg vil sveltekatastrofar gjere at me har ein global matvaremangel. Sjølv om Noreg vil vere eit rikt land også i framtida, så vil det ikkje vere slik at me kan kjøpe oss ut av alle problem, avsluttar fyrstekandidaten.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.