Hopp til innhold

Foreldre tok initiativ - no lærer dei førstehjelp

I Sogndal kan alle spedbarnsforeldre no få gratis kurs i førstehjelp.

Helsestasjonen i Sogndal har starta opp eit nytt tilbod: eit kurs i førstehjelp for spebarnsforeldre.

INSTRUKSJONAR: Lege Åsmund Rygg demonstrerer ein hjertestartar, som også kan brukast på barn og spedbarn.

Det nye tilbodet har blitt etablert etter ønskje frå foreldra, og målet er at dei ikkje skal bli handlingslamma om det verst tenkjelege skulle skje.

Ein av kursdeltakrane er Anja Thune, som har ei dotter på ti månadar. Kurset fører til at ho kjenner seg tryggare i kvardagen.

– Det skapar tryggleik å få ein øvingsdag der ein repeterar ting som vi eigentleg kan, seier Thune.

Kunnskap gir tryggleik

Med stødig oppfølging pustar deltakarane liv i dukkene på helsesenteret i Sogndal. Kurstilbodet har gått ut til alle foreldre med barn mellom fem og ni månader, og no er rundt 15 av dei samla for å lære.

Thune meiner at ein ikkje kan gå rundt å uroe seg, men at førstehjelpskurset er viktig for alle.

– Det er så mykje som kan skje, så ein må berre ta dag for dag. Vi kan ikkje ta bekymringane på førehand, seier ho.

Trass dette er ho som alle andre nybakte mødre oppteken av tryggleik, og ho peikar på at til meir ein veit dess tryggare blir ein.

– Eg har vore heldig og har ikkje vore ute for nokre akutte situasjonar, men no er eg førebudd i tilfelle det skulle skje, seire Thune.

– Bruk det du kan

Hjarte- og lungeredning kan vere skildnanden på liv og død, men mange er redde for å gjere feil når dei hamnar i situasjonar der liv står på spel.

Lege Åsmund Rygg seier det er viktig å gjere det vesle ein kan, og at det er svært nyttig med denne typen kurs.

– Det verste for den som er sjuk og treng hjelp er at dei rundt ikkje gjer noko, seier Rygg.

– På kurset får foreldra sjansen til å øve på ulike ferdigheiter slik at dei kan vere tryggare dersom dei hamnar i situasjonar der dei treng det, fortel legen.

Fokuset på kurset er førstehjelp på spedbarn, men Rygg fortel at det ikkje er så mange ulikskapar mellom førstehjelp for vaksne og barn.

– Ein kan stort sett gjere det same for barn og vaksne når det kjem til hjarte- og lungeredning. Det er laga slik for at det skal vere lettare å hugse, seier han.

Klar småbarnsfar

Johnny Johansen har ei dotter på ti månadar. Med kurset i lomma kjenner han seg tryggare når han skal ta til på jobben som småbarnsfar.

– Det har vore veldig nyttig. No har ein retningsliner for kva ein skal gjere om det skjer noko, så det er alltid kjekt med førstehjelp, seier Johansen.