Hopp til innhold

Førstegongsstemmaren Pawel (18) vart først i valkøen

Pawel Tryzna (18) vart den første som leverte stemmesetelen i Førde. Han var ikkje i tvil om kva parti som skulle få stemma hans.

Stortingsval 2013

FØRSTE GONG: Pawel Tryzna gjekk til stemmeurnene for første gong i år. Han var også den aller første i vallokalet i Førde som gav si stemme.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

Like før vallokalet i Førdehuset opna klokka 09.00, stod kring 15 personar klare til å stemme. Ein av dei var 18 år gamle Pawel Tryzna, som måndag stemte for aller første gong. Han vart også den første som la stemmesetelen i urna.

– Det var litt spennande, men det gjekk veldig fort, seier Tryzna.

Ikkje i tvil

Stortingsval 2013

VIKTIG: Pawel Tryzna (18) meiner det er viktig å bruke stemmeretten sin.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

Han hadde knapt drege for gardina bak seg før han kom ut att med stemmesetelen i handa.

– Det var ikkje vanskeleg. Eg stemte på eit parti som vil gjere noko for skulen, seier 18-åringen, som går siste året på Hafstad vidaregåande skule.

– Skuledebatten avgjorde

På skulen har det vore mykje fokus på valet, fortel eleven. Både i og utanfor undervisninga har elevane snakka mykje om skuledebatten og skulevalet. Dei har også teke valgomat på nettet, og hatt framføringar om dei ulike partia.

– Det er viktig å vite noko om dette før du stemmer, meiner Tryzna.

Han seier skuledebatten hadde mykje å seie for valet hans.

– Det var då eg bestemte meg, og det var for meg veldig tydeleg kva parti som skulle få stemma mi, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Stortingsval 2013

STRØYMER TIL: Like før vallokalet i Førdehuset opna klokka ni, stod kring femten personar klare utanfor. Men nokre hadde møtt opp allereie klokka åtte.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

Kva parti dette er vil ikkje 18-åringen avsløre, men seier likevel dette:

– Det er mykje bra i Norge i dag, men det kan vere kjekt å prøve noko nytt.

Møtte opp ein time for tidleg

Berre i Førde kommune jobbar i underkant av 80 personar for å få valet til å gå på skinner. Det seier leiar for valfunksjonærane i Førdekrinsen, Jan Birger Moe. Desse har alle ein lang arbeidsdag føre seg.

Stortingsval 2013

HØGTID: Leiar for funksjonærane i Førdekrinsen, Jan Birger Moe, meiner det er høgtid over det å stemme på sjølve valdagen.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Dei som tel og sørgjer for at protokollen er klar kan måtte jobbe til frå langt over midnatt ned mot tre-fire-tida i natt. Det er avhengig av kor raskt vi klarar å jobbe.

Det største trøkket er først venta på ettermiddagen, men allereie før vallokalet opna var dei første på plass.

– Dei første har allereie vore her og ville stemme klokka åtte. Det var nokon som ikkje hadde fått med seg at stemmelokalet opna klokka ni, så vi får håpe at dei kjem tilbake. Klokka ni er det vel mellom 10 – og 20 stykk, men størsteparten kjem mellom klokka tre og seks i ettermiddag.