Hopp til innhold

Første utsending av asylsøkjar i Årdal skjedde same morgon som trippeldrapet skjedde

Den aller første uttransporteringa av asylsøkjarar som hadde fått avslag skjedde måndag morgon, berre timar før trippeldrapet skjedde mellom Årdal og Tyin. Det stadfestar leiinga i Hero.

Mottak Årdal

FØRSTE UTSENDING: At den første utsendinga av asylsøkjarar skjedde måndag, kan ha vore førevarselet den trippeldrapsikta fekk på at han skulle kastast ut av landet.

Foto: Christian Blom

At den første utsendinga av asylsøkjarar frå det nyetablerte mottaket i Årdal skjedde måndag morgon, kan ha vore eit førevarsel for den trippeldrapssikta mannen frå Sør Sudan.

Det stadfestar Tor Brekke som er assisterande administrerande direktør for Hero Norge.

– Det eg har fått stadfesta at den aller første utsendinga nokon gong frå mottaket i Årdal skjedde måndag morgon. Ein person blei då sendt ut av landet.

Utsendingar skaper uro

– Det ein gjerne lurer på er om drapa er ei desperat handling for å sleppe uttransportering, seier Brekke.

Brekke seier at så langt mottaket kjenner til var det berre ein person, leiaren ved mottaket, som hadde kjennskap og var informert om politiet sin plan for utsending av 30-åringen.

– Det vi veit er at slike utsendingar ofte skaper uro blant bebuarane på mottaket. Det oppstår rykte og særleg dei som ventar på utsending blir nervøse og redde for at det er deira tur neste gong.

Uttransportering var planlagt

Politiet sin plan var å sende den trippeldrapsikta mannen frå Sør Sudan ut av landet tysdag morgon. Han fekk avslag på asylsøknaden sin i juni, og venta på å bli sendt ut av landet, opplyste Politiets Utlendingsenhet (PU) i går.

I følgje PU skulle den sikta returnerast til Spania etter Dublin II-forordningen. Til no i år er 1152 personar uttransportert i tråd med Dublin II-forordningen.

I pressemeldinga skriv dei at når ein person skal uttransporterast med tvang blir vedkommande arrestert av politiet der vedkommande oppheld seg.

"I forkant av uttransporten innhentar politiet alltid ei vurdering av personens helsetilstand frå mottaket hvor personen har oppheldt seg siste tida. Politiet gjør også ei laupande vurdering av tryggleiken rundt uttransporten underveis. På bakgrunn av denne vurderinga avgjør politiet om personen kan reise med flyet på egenhånd hvis det er ønskelig eller om politiet skal ledsage utlendingen helt fram.

PU varsler aldri de som skal uttransporteres på forhånd. Da risikerer vi at de forsvinner."

Vanleg at folk forsvinn

Måndag kveld sette den 30 år gamle mannen seg på Valdresekspressen i Årdal og kort tid etter drap han to passasjerar og bussjåføren. Sjølv har mannen kuttskadar i halsregionen og kan difor ikkje avhøyrast enno. Den sikta får behandling ved Sandviken sykehus i Bergen.

– Vi kjenner ikkje til at nokon reaksjonar som kan samanliknast med dette. Det som er mest vanleg er at folk forsvinn frå mottaket. I dei periodane det ryktast og dei er redde for å bli transportert ut er at dei forsvinn.

(Saka held fram under biletet)

Tor Brekke

STADFESTAR UTSENDING: Tor Brekke i Hero stadfestar at den første utsendinga av asylsøkjarar skjedde frå Årdal måndag morgon.

Foto: Alf Vidar Snæland

Asylsøkjarane bur frivillig i mottak. Men dersom dei blir vekke frå meir enn tre dagar, utan å søkje permisjon, skal personen meldast ut av mottaket. Dersom asylsøkjaren då vil inn att i mottaket må han kontakte UDI.

– Den sikta 30 åringen hadde rett til å bevege seg fritt innanfor tre dagar. Dersom han ville vore vekke meir enn tre dagar frå mottaket hadde han måtte søke permisjon og UDI måtte ha behandla søknaden.

Det er fleire ved mottaket i Årdal som står på tur for å bli sendt ut av landet ved asylmottaket i Årdal.