Hopp til innhold

Første sikre ulveobservasjon i Sunnfjord

Den første sikre observasjonen av ulv i Sunnfjord sidan 1950-talet var i Jølster. Først no er bileta komne for ein dag, over eitt år etter at ulven herja i Naustdal og Førde.

Ulv Gjesdalen i Jølster 16. juni 2014

FANGA PÅ KAMERA: Jegeren Harry Gjesdal fanga dette dyret på kamera i fjor sommar. Rovviltkontakten i Sunnfjord er sikker på at det er den same som vart skoten i Naustdal.

Foto: Harry Gjesdal

Eit viltkamera på Gjesdal i Jølster fanga opp bileta 16. juni i fjor, kring to månader før dei første skadane på sau.

– Då eg fekk desse bileta tenkte eg «i all verda, det er jo ein ulv», og så kjente eg igjen utsikta. Det var jo nesten der eg budde. Men då eg såg datoen begynte ting å rime, seier rovviltkontakt i Sunnfjord, Finn Olav Myhren.

Han er ikkje i tvil om at det er ulv på bileta, den første sikre obervasjonen i Sunnfjord sidan 1950-talet, og trur det er same ulven som vart felt i Naustdal like før jul i fjor.

– Halen på den i Naustdal var litt stutt og veldig mørk på tuppen til å vere ulvehale. Og denne ulven liknar veldig. Etter mi vurdering er det ganske sannsynleg at det er den ulven som er skoten, seier Myhren.

Ulv Gjesdalen i Jølster 16. juni 2014

LIK HALE: Myren seier den korte, mørke halen gjer at han trur det er same ulv som vart skoten i Naustdal.

Foto: Harry Gjesdal

Såg bileta i fjor, men reagerte ikkje før no

Dette er det første sikre beviset på at det var ulv i fylket i fjor. Bileta vart fanga opp av viltkameraet til Harry Gjesdal.

Gjesdal såg bileta i fjor, men berre i svart-kvitt. Han trudde då at det var ein ulv, men tenkte ikkje meir over det før kameraten hans skulle opp for å tilbakestille kameraet.

– Då eg fekk dei i fargeversjon diskuterte eg med fleire. Eg meinte det var ulv, men naboen trudde det var gaupe. Då sende vi det til rovviltkontakten, seier han.

Han trur det kan vere mange streifdyr som fer forbi. Det som derimot overraska han var det som skjedde etterpå.

– Berre ein time etterpå kom det ein hjort forbi, i motsett retning, så den har slept billig unna, fortel jegeren.

Ulv Gjesdalen i Jølster 16. juni 2014

EINASTE SIKRE: Dersom dette, som Myren trur, er den same ulven som vart skoten i Naustdal, er det den einaste ulven ein kan slå fast med sikkerheit at har vore i Sunnfjord.

Foto: Harry Gjesdal

30 ny observasjonar – men ingen bevis

Lenge etter ulven vart skoten i Naustdal like før jul, har det vore mange meldingar om observasjon av ulv. Dette har gjort at ein har spekulert i om det kunne vere fleire enn éin ulv i området. Men ingen av observasjonane i Sunnfjord er stadfesta.

Finn Olav Myren

ROVVILTKONTAKT: Finn Olav Myren.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Eg trur eg har sjekka over 30 synsobservasjonar og spormeldingar etter at ulven vart skoten i Naustdal, og eg har ikkje funne noko ulv på dei, seier Myhren.

Då bileta på viltkameraet til Gjesdal vart tekne, hadde ikkje bøndene i Jølster fått sauene på fjellet. Difor trur Myhren at ulven gjekk raskt forbi.

Neste dokumentere ulvesituasjon er i Kallandsmarka i Naustdal i starten av juli eller starten av august. Det har også vore trygge observasjonar av ulven fleire stader før han vart felt i Naustdal, men Gjesdal sit på dei første.