NRK Meny
Normal

Første NM-gull for vektløftardamene frå Naustdal

Under lag-NM i vektløfting denne helga kunne Tambarskjelvar IL smykke seg med fleire gullmedaljar i dei ulike klassane. Damelaget vart for første gong norgesmeisterar med ein samla poengsum på 644.

Tambarkjelvar damelag

STOR STAS: Endeleg fekk damelaget til Tambarskjelvar sin etterlengta gullmedalje i vektløfting. Frå venstre: Ine Andersson, Marit Årdalsbakke, Sandra Trædal og Mariell Rørstadbotn

Foto: Elias Engevik / NRK

– Det er klart det kjem både ei og to tårer i augekroken, dette er veldig stort.

Det sa ein rørt trenar, Gunnar Reiakvam, då damelaget endeleg fekk den etterlengta gullmedaljen.

Laurdag vart ein stor dag for Tambarskjelvar Idrettslag. Først tok juniorane gullmedalje, deretter damene og til slutt elitelaget. Ein dag der alt gjekk etter planen for dei tre laga og trenaren.

Tambarskjelvar IL har opp gjennom tidene ofte hatt gode resultat i vektløfting og styrkeøvingar. Men aldri før har damelaget tatt NM-gullet.

Sandra Trædal

SMILANDE GULLMEDALJE: Sandra Trædal er kjempefornøgd med sin første lag- NM gullmedalje.

Foto: Elias Engevik / NRK

– Det kjennest veldig flott ut, vi er fornøgde alle saman. Det vart jo ein intens kamp der det var jamt veldig lenge, sa Sandra Trædal, som er ei av dei fire damene på laget.

Det var ikkje utan motstand at damelaget slo ut dei andre og kapra gullet. Det var nemleg ein hard kamp mot Flaktveit IK frå Bergen, der poengsummane gjekk jamt nesten heile vegen. Til slutt enda resultatet på 644 poeng til Tambarskjelvar og 616 poeng til Flaktveit.

Damelaget vart starta opp for rundt seks år sidan, og utviklinga har berre gått ein veg. I fjor kom dei på andreplass, i år vann dei. Trenar i Tabarskjelvar IL, Gunnar Reiakvam er kjempestolt over at laget har gjort det så bra.

–Juniorane og elitelaget gjorde ein kjempeinnsats, og at vi i tillegg fekk jentene på plass er historisk, dette har vi kjempa for i mange år og endeleg gjekk det. Det er ei lykke å få til.

Taktikk, teknikk og trening

Vektløfting handlar ikkje berre om styrke, det ligg også mykje taktikk og teknikk bak kvart enkelt løft. På oppvarmingsrommet ved sidan av podiet skjer det mange ting på ein gong. Der er det trenarar som passar på tall og mengd kilo ein skal ha, medan andre jobbar med det fysiske og tekniske. Spenninga er ofte stor på sidelinja.

– Vi går jo på tå rundt her under konkurransen, når det gjaldt damelaget var vi veldig usikre på korleis det skulle gå heilt til vi bestemte oss for at dette skal vi klare,fortalde Reiakvam.

Det er ingen tvil om at sterke musklar ikkje kjem av seg sjølv. Og det å løfte, enten i rykk eller støyt er ikkje like enkelt som det ser ut som. For å kunne prestere så godt at ein vinn NM er det fullt fokus på trening.

–Vi har trena heile året, og tenkt mykje på kosthald og restutisjon. I tillegg er det viktig at vi har lada skikkeleg opp no i tida før NM. Vi har også ein veldig god trenar, og treningsmiljøet i Naustdal er på topp, seier Sandra Trædal.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser