Glopparen vann 10 kilometer klassisk under norgescupen i Stokke fire sekund føre Martin Johnsrud Sundby.
Jørgen Aukland frå Oseberg kom i mål som nummer tre, 25 sekund bak Fjellhug / Vereide Hyen-løparen.
André Haugsbø frå Gaular gjekk inn til fjerdeplass, eitt sekund føre Øyvind Sandbakk (Sogndal) som tok femteplassen.
I tillegg gjekk Bjarne Nes (Sogndal) inn til 13. plass.
Sogn og Fjordane Skikrins kan ikkje vise til ein like god innsats under eitt enkelt norgescuprenn tidlegare.
Skiskyttar i toppen
Skiskyttaren Tarjai Bø frå Markane viste nok ein gang at han kan hamle opp med dei beste spesialløparane under norgescupen i langrenn i Rygge. Stryningen gjekk inn til ein fjerdeplass i 18-årsklassen, berre tre skundar bak vinnaren Jacob Ziesler frå Sandnes.
Benedikte Aa frå Hyen gjekk inn til 7. plass i juniorklassen på 10 kilometer friteknikk søndag og til 21. plass i den klassiske 5 kilometeren laurdag.