Hopp til innhold

Første literaturruta i Norge

Riksveg 13 frå Jæren til Sunnfjord skal få status som diktarveg.

Jakob Sande

Det vert stoppunkt på ruta der lokale forfattarar vert presentert som Jakob Sande og Per Sivle.

Målet er å etablere den første litteraturruta i Norge.

Per Sivle

Per Sivle

Diktarveg


Riksveg 13 frå Sunnfjord i Sogn og Fjordane til Jæren i Rogaland skal få status som diktarveg.

Tre vestlandsfylke og 16 kommunar skal samarbeide om prosjektet. Fem diktarar er ryggrada, og målet er å etablere den fyrste litteraturruta i Norge.

- Dette kan bli ein ressurs for næringslivet i kommunane, seier leiar for Nasjonalt Garborgsenter Einar Schibevaag.

Fem kjende forfattarar

Spor etter fem kjende forfattarar frå Jæren til Sunnfjord skal lose deg langs riksveg 13 - ein av riksvegane som er plukka ut som nasjonal turistveg.

Ei styringsgruppe har som mål å etablere den første litteraturruta i Norge.

Arbeidet til blant andre forfattarane Per Sivle og Jakob Sande skal synleggjerast på ulike stoppunkt langs ruta.

Schibevaag seier det er ein viktig indre stamveg for Vestlandet.

- Det er unikt at vi klarar å skape dette samarbeidet, seier han.

Førebels er dei heilt i startgropa. I midten av april blir det arrangert ein konferanse med fokus på diktarvegen.