Berre seks gonger tidlegare har den splitter nye gasstankaren Pioneer Knutsen, som er verdas minste og einaste i sitt slag, levert naturgass til anlegg på land. Ewos i Florø er eitt av i alt seks mottak på Vestlandet. No skal dei som første bedrift i Sogn og Fjordane byte ut fyringsoljen med naturgass i produksjonen av pellets til oppdrettsnæringa.
Reduserte utslepp
Foto: Heidi Lise Bakke, NRK
Ewos i Florø vil redusere CO2-utsleppet med om lag 30 prosent når dei tek naturgassen i bruk i staden for fyringsolje. Utslepp av svovel forsvinn heilt. Men så er fabrikken også ein av dei største miljøsyndarane i Sogn og Fjordane, vedgår fabrikksjef Rune Ryland.
- Sidan vi er ei av dei bedriftene som brukar mykje fyringsolje, så blir vi automatisk ei av dei bedriftene som har størst CO2-utslepp i Sogn og Fjordane. Så det er veldig fint at vi får redusert utsleppet kraftig med å gå over til naturgass, seier Ryland.
Vil spare pengar
Ryland håpar også at Ewos gjennom omlegginga til naturgass vil spare pengar på lågare miljøavgifter i framtida. Dessutan krevst det mindre vedlikehald ved bruk av denne gassen i staden for olje, også her håpar ein på ein økonomisk gevinst på sikt. Fordi gassen er reinare er det også lettare å utnytte energien, i følgje pionerbedrifta.
Omset for fem milliardar
Ewos er blant verdas største fiskefôrprodusentar, og omset for totalt kring fem milliardar kroner i året. Det norskeigde selskapet eig ytterlegare to fiskefôrfabrikkar i Norge, samt tre i utlandet. Men førebels er det kun fabrikken i Gunnhildvågen som skal ta i bruk naturgass i produksjonen av pellets.