Hopp til innhold

Dette er ein historisk dommartrio

For første gong i fylket si historie stilte ein kvinneleg dommartrio i ein seniorkamp i går.

Dommartrio historisk

HISTORISKE JENTER: fv.: Sofie Hove, Susanne Aarsheim og Emilie Silden

Foto: Stig Høynes / NRK

I gårsdagens damekamp i fotball mellom Breimsbygda/Sandane og Sogndal vart det for første gong i Sogn og Fjordane si historie stilt med kvinneleg dommartrio i ein seniorkamp.

– Det spesielle med denne kampen var at dei tre dommarane var av det kvinnelege kjønn, seier dommarutviklar i Sogn og Fjordane fotballkrets, Rune Haugland. Han meiner dette er første gong at tre jenter dømmer ein seniorkamp i fylket.

Rune Haugland

Dommarutviklar Rune Haugland

Foto: Stig Høynes

Han fortel det er lite dommarar generelt, men at det er særleg mangel på kvinnelege dommarar. I fylket har ein i dag fem kvinner som dømmer kampar, fortel Haugland.

Tre av desse er jentene som dømde gårsdagens kamp. Susanne Aarsheim, Sofie Hove og Emilie Silden. Alle tre frå Selje IL.

Stilig å vere historisk

– Eg synest det er litt stilig at vi gjorde det, men det er rart vi er den første trioen, for det er jo ikkje noko problem for jenter å dømme, fortel ein av dei tre dommarjentene, Susanne Aarsheim (18).

Ho veit ikkje heilt sikkert kvifor ho valde å bli dommar.

– Det har i grunn berre blitt slik, fortel dommarjenta.

– Eg har teke litt kurs litt her og litt der. Etter at eg slutta å spele fotball sjølv så sakna eg det litt. Då blei det dømming i staden, fortel 18-åringen.

Kampen i går var ekstra kjekk å dømme.

– Det er ikkje ofte eg får dømme kampar på det nivået. Helst er det gutekampar her heime eg pleier dømme. Eg likar veldig godt fotball, og når eg ikkje får spelt det sjølv, er det kjekt å få oppleve det på andre måtar, seier Aarsheim.

(Artikkelen held fram under biletet)

Susanne Aarsheim

KJEKT: Susanne Aarsheim tykkjer det er kjekt å kunne dømme fotball når ho ikkje spelar fotball sjølv lenger.

Foto: Stig Høynes

Lovande jenter

Sjølv om det ikkje er så mange jenter som vel jobben med å dele ut raude kort og blåse for offside'ar, har dommarjenta ei klar oppfordring.

– Eg synest det er kjempekjekt å dømme med berre jenter. Det var utruleg moro i går. Fleire jenter burde gjere det same, seier Aarsheim.

Ho legg til at det kjekkaste er å dømme jentekampar. – Om det er gutar, må dei vere litt yngre, fortel ho.

Grunnen til at det er få kvinnlege dommarar er dommarutviklar Haugland usikker på. Men trur det har med interesse å gjere.

– Så må klubbane rekruttere dommarar, og når ikkje det skjer kjem ikkje dommarane av seg sjølv uansett kjønn, seier han.

– Eg har vore med ganske lenge og vi har nokre få kvinnlege som har vore med nokre år. Og så kom desse tre unge jente frå Selje som er svært lovande. Eg synest det er greit å ha kvinnelege dommarar på damefotballen, seier Haugland.

Rettferdig dømming

– Vi har dømt litt heime i Selje og øvd oss litt, fortel Aarsheim.

Dommarutviklar Haugland synest jentene gjorde ein god jobb igår.

– Eg synest jentene klarte seg bra. Det var ingen kamp med stor vanksegrad sånn sett, men uansett så skal det dømmast. Dette var jo første kamp for dei på dette nivået og dei var litt nervøse og spente før kampen, men løyste den veldig bra.

3.divisjonskampen enda 0-2 til Sogndal.