Første kongepokal på 46 år

Det er 46 år sidan ein utøver frå Sogn og Fjordane sist vart tildelt kongepokalen for menn. – Det set prestasjonen til Øyvind i eit fantastisk lys.

Ezinne Okparaebo og Øyvind Strømmen Kjerpeset

FINT SELSKAP: Ikkje sidan 1967 har ein utøvar frå Sogn og Fjordane fått kongepokalen for menn. I går fekk Øyvind Strømmen Kjerpeset det gjeve trofeet. Her er han saman med Ezinne Okparaebo, som fekk kongepokalen for kvinner.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

– Det er klart at dette er ein fantastisk prestasjon. Denne helga danka han ut OL-meistrar, EM-meistrar og VM-medaljørar, seier Narve Heggheim.

Han er dagleg leiar i Norsk Friidrett Sogn og Fjordane og gler seg stort over prestasjonen til eit ungt talent frå Florø. 21 år gamle Øyvind Strømmen Kjerpeset frå Florø vart søndag tildelt kongepokalen for menn under årets senior-NM friidrett i Tønsberg.

Ikkje sidan 1967 har ein utøvar frå fylket stått for same bragda.

– Det var slik sett på tide at vi fekk ein utøvar med kongepokal. Men igjen, det viser mykje om kva som skal til for å få kongepokalen, seier Heggheim til NRK.no.

– Fortent

Øyvind Strømmen Kjerpeset legg bak seg ein svært god sesong, og enno er den ikkje over. Laurdag vann han 400 meter hekk med tida 50,38. Det er den beste vinnartida på distansen i eit NM nokon sinne.

Dagen etter følgde han opp på 200 meter. Der måtte han tole å vere gullfavoritt i Jaysuma Saidy Ndure sitt skadefråvær. 21-åringen kasta seg inn til tida 21.10 og eit nytt gull.

– Han har levert heile sesongen og har hatt fantastisk framgang. Han har lagt ned det som skal til av trening, og har fått full utteljing for det denne sesongen. Det er fantastisk kjekt, skryt Heggheim.

– Han har forbetra seg heile vegen og har blitt stabil på eit mykje betre nivå enn tidlegare. Det er flott at han blir krona med kongepokal, seier han vidare.

(Artikkelen held fram under biletet)

Narve Heggheim

FANTASTISK: Slik jublar Narve Heggheim om tildelinga av kongepokalen til Øyvind Strømmen Kjerpeset.

Foto: Gry Brekke Hustveit / NRK

Fint selskap

Det er ein jury som bestemmer kven som skal tildelast kongepokalen. Blant utøvarar som kjempa om årets kongepokal var både spydkastaren Andreas Thorkildsen, kappgangar Erik Tysse og fleire. Også eit raskt blikk på lista over tidlegare kongepokalvinnarar viser at ungguten frå Florø er i fint selskap.

Sidan 2004 har Andreas Thorkildsen stukke av med det gjeve trofeet seks gonger, medan sprintaren Jaysuma Saidy Ndure har fått den tre gonger.

– I NM-samanheng er dette den høgaste utmerkinga ein utøvar kan få, og den heng høgt. Øyvind kjem i eit sterkt selskap her, seier Heggheim.

– Ei helg eg drøymde om

Sjølv var 21-åringen i går svært glad etter tildelinga.

– Det tar nesten ikkje slutt på høgdepunkt denne sesongen her! Det er veldig motiverande å få Kongepokalen, seier han.

– Denne helga her, det var ei helg eg drøymde om at kunne bli slik. Og så klarte eg det... Det er berre heilt fantastisk, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Øyvind Strømmen Kjerpeset tok NM-gull på 400 meter hekk i Tønsberg

REKORD: Øyvind Strømmen Kjerpeset sette meisterskapsrekord på 400 meter hekk.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

– Heilt fabelaktig

I rekkja av gratulantar står også leiaren i Sogn og Fjordane idrettskrins, Aud Kari Isane.

– Dette er heilt fantastisk! Det er berre å ta av seg hatten for Øyvind. Gratulerer til han, til friidrettsmiljøet i Florø og til friidrettsmiljøet i Sogn og Fjordane, seier Isane til NRK.no.

Ho håpar folk forstår kor stort det er at Kjerpeset fekk det gjeve trofeet, og viser til den knallsterke konkurransen.

– Å få kongepokalen i konkurransen med dei vi har sett i VM i Moskva, Thorkildsen og den andre flotte norske utøvarane. Og så er det Øyvind som tek den, det er berre heilt fabelaktig, jublar ho.

– Historisk

Men Strømmen Kjerpeset var ikkje den einaste frå fylket som henta heim medaljar. Til saman vart det fem gull til utøvarar frå Sogn og Fjordane.

– Det har aldri skjedd før, seier Heggheim om det som skriv seg inn i historiebøkene.

  • Øyvind Strømmen Kjerpeset (Florø T og IF) – gull 400 meter hekk
  • Øyvind Strømmen Kjerpeset (Florø T og IF) – gull 200 meter
  • Inger Anne Frøysedal (Tjalve IK) – gull tresteg
  • Trude Raad (Gloppen Friidrettslag)- gull slegge
  • Merete Helgheim (Gloppen Friidrettslag – gull 3000 meter kappgang

No representerer rett nok Frøysedal Tjalve IK, men ho er frå Stryn, legg Heggheim til.

I tillegg til gulla henta Elin Isane (Gloppen Friidrettslag) heim sølv i diskos, medan Trude Raad tok bronsen i øvinga. Marte Rygg Årdal (Gloppen Friidrettslag) tok også sølv i sleggeøvinga.

(Artikkelen held fram under biletet)

Trude Raad NM

GULL: Trude Raad frå Gloppen Friidrettslag fekk endeleg gullet i sleggekonkurransen.

Foto: Thore Erik Thoresen

– Ein kombinasjon

Forklaringa på suksessen er ifølgje Heggheim todelt.

– Det er klubbane, eldsjelene og trenarane rundt omkring i klubbane i Sogn og Fjordane som gjer at vi får fram slike utøvarar.

– I tillegg har vi utøvarar som er villige til å leggje ned den treninga som skal til for å bli god. Så det er ein kombinasjon av dei to tinga, seier Heggheim.

Han spår dei nemnde utøvarane ei lysande framtid.

– Alle er framleis unge utøvarar, og vi har sett dei hevde seg i ungdoms- og juniormeisterskap. Å hevde seg i toppen i seniormeisterskap er slik vi kanskje har sett kunne skje, men når det gjeld toppidrett er det mange fallgruver.

– Det er ikkje gitt at ein blir god som senior, trass gode resultat som ungdom og junior. Men desse har fått utteljing, seier han nøgd.

– Kva betyr dette for friidretten?

– Dette er fantastisk inspirasjon for alle som driv friidrett, spesielt for barn og unge. Øyvind og dei andre er fantastisk flotte profilar!

For ordens skuld. I 1967 var det Kjellfred Weum frå Luster som fekk kongepokalen for prestasjonen sin på 110 meter hekk. Weum representerte IL i BUL.