NRK Meny
Normal

Fekk boksehanskar til jul - ville bli den nye Steffen Tangstad

Som niåring fekk treningsguru Yngvar Andersen boksehanskar av naboen. Ambisjonane var store, men boksehanskane vart til slutt lagde på hylla til fordel for friidretten.

Yngvar Andersen
Foto: Astrid Engen / NRK

– Korleis var 2012 for deg?

– Det har vore eit år med utruleg mykje innhald. Eg trur stadig vekk at mykje av det som har skjedd i 2012 har skjedd over fleire år. Eg hadde bursdag 20. desember og eg vart veldig overraska over å berre bli 38 ...

– Trekk fram di beste personlege oppleving i året som gjekk. Kvifor var dette eit høgdepunkt for deg?

Det er lett! Den 13. februar fekk me nemleg ei nydeleg lita jente. No er me så heldige å

ha to fantastiske småjenter som fyller huset med latter og glede.

Gjer inntrykk at born ikkje har det bra

–Kva gjorde sterkast inntrykk på deg i 2012 – og kvifor?

– Tommy Rasmussen og ungane ved barneheimen i Goma i Kongo. Med fire ungar i Norge såg han likevel på det som si oppgåve å reise dit for å prøve å berge ungane frå trugselen om svolt, vald og valdtekter.

– Med små ungar heime gjer det alltid ekstra sterkt inntrykk å tenkje på ungar som er så til dei grader i ein annan situasjon. Det viktigaste er at det gjekk bra denne gongen med ungane på barneheimen i Goma. Og eg håpar eg kan bli halvparten så tøff og fryktlaus som Tommy Rasmussen ein gong i framtida.

– Kva forventningar og håp har du til året som ligg framfor oss?

– Fred på jord. Ein må aldri gi opp. Eg har trua på at det trengst ein god dose naivitet i dei store spørsmåla. Og så har eg store forventningar til pappapermisjonen eg skal ha i vår!

Har både ribbe, pinnekjøt og hjortekaker

– Har du nyttårsforsett? I tilfelle kva?

– Kona mi og eg er veldig glade i nyttårsforsett og set av dei siste timane av kvart år til dei. Lista er ikkje heilt klar og den er til dels vel privat. Men eit forsett som er klart er å bli flinkare til å skilje kvardag og helg. Me synest sjølve at me er veldig gode på kvardagar. Men no skal me ta helga også. Og feire oppturane litt meir!

– Korleis feirar du jul i år? Er du heime, kva et du?

– Me feirar første jula i nytt hus og gleder oss veldig til det. Me et alt og i staden for å velje har me ribbe, pinnekjøtt, hjortekaker og pølser med masse attåt. Me skal vere i Oslo, men maten er laga av svigermor i Sogn slik at det vert ein mjukare overgang for oss som aldri har vore utanfor Sogn i julehelga.

– Kva hugsar du best frå jula i barndommen din?

– Eg voks opp på ein gard og eg må seie at det å gå i fjøsen med godsaker til dyra i jula er noko eg minnest med glede.

Fekk boksehanskar som niåring

– Kva er den beste julepresangen du har fått?

– Det er sjølvsagt mange kandidatar her. Men eg trur eg må seie boksehanskane eg fekk til jul då eg var ni år. Ein av heltane mine, Jacob som var nabo, slektning og ein tøffing på 21 (den gongen) hadde eit par svarte hanskar eg veldig tydeleg gav uttrykk for at eg ønska meg. På julaftan kom dei utruleg nok til meg som ei enorm overrasking. Eg skulle verte den nye Steffen Tangstad som på den tida hadde vorte Europameister i tungvektsboksing. Ein kamp eg grein meg til å høyre på radio seint på kvelden.

– Kva gjer du for dei som har mindre å rutte med eller er einsame i jula?

– Dette er eit mildt sagt eit vanskeleg spørsmål. Me kunne så definitivt ha prioritert oss fram til å gjere meir.

Eg prøver å vere eit godt medmenneske for dei eg møter på min veg. Eg sit også i styret i Care Norge og gir pengebidrag til dei og til andre liknande organisasjonar.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.