Hopp til innhold

Første heimetap for Sogndal

For første gong sidan 26. juni i fjor tapte Sogndal ein seriekamp på heimebane. Viking vann 2-1 på Fosshaugane Campus.

Viking set inn 0-2

VIKING-MÅL: Indridi Sigurdsson (med 20 på ryggen) har sett ballen i mål, og Viking leier 2-0.

Foto: Steinar Lote / NRK

Kampfakta: Sogndal-Viking

Det hjelpte ikkje at Hannu Patronen reduserte til 2-1 på overtid. Viking styrte det heile inn til tre poeng, og Sogndal måtte sjå at nok ein god statistikk vart øydelagd.

Frisk opning

Sogndal opna friskt, og hadde den første sjansen då Ørjan Hopen nikka like utanfor alt etter eitt minutt. Men i staden var det Viking som tok leiinga etter 13 minutt, då André Danielsen fekk eit fint innlegg frå Valon Berisha og sette ballen i mål frå 11 meters hald.

Hannu Patronen og Gustav Valsvik

Hannu Patronen og Gustav Valsvik prøver å stanse eit Viking-angrep.

Foto: Steinar Lote / NRK

Sogndal-mål annulert

Og det kunne fort ha stått 0-2 etter 26 minutt. Då dundra Valon Berisha ballen i tverrliggaren frå kort hald.

Rett før pause fekk Malick Mane ballen i mål for Sogndal, då han sette inn ein retur frå Rune Almenning Jarstein, men dommaren annulerte for offside. Dermed ebba første omgang ut med 0-1.

Annulert Sogndal-mål

ANNULERT MÅL: Ballen ligg i Viking-målet rett før pause, men dommaren annulert for offside. Indridi Sigurdsson og Tonny Brochmann før dei er klar over annuleringa.

Foto: Steinar Lote / NRK

0-2 etter corner

Viking har spela to tøffe bortekampar siste veka medan Sogndal har kunna konsentrere seg om seriekampen mot Viking på heimebane, men likevel var det Viking som verka friskast.

Og i staden for utlikning vart det 0-2 i det 81. minutt. Ein corner vart slått inn, Vidar Nisja vann ein duell og Indridi Sigurdsson fekk nikka ballen vidare i mål.

Då gjekk midtstoppar Hannu Patronen i angrep og stussa ballen i mål via tverrliggaren, men det var for seint. Viking tok alle tre poenga.