Hopp til innhold

Første hauststormen jaga Elvisfestivalen innandørs

Den første hauststormen i år gjorde at folk i Måløy måtte flytte Elvisfestivalen i hui og hast.

Elvisfestivalen må innomhus

HUI OG HAST: Arrangørane i full sving med å flytte inn i Samfunnshallen få timar før festivalen starta att fredag.

Foto: Tore Skaar

Tilbake står eit tomt festivaltelt i sentrum av Måløy fredag kveld.

– Av tryggleiksgrunner har vi funne ut at vi berre må flytte festivalen innomhus. Når vinden kjem frå sør og sørvest er det ikkje noko hyggeleg.

– Teltet står trygt, men når det blafrar slik må vi flytte, seier Geir Taraldsen i Elvisfestivalen til NRK

Arrangørane skreiv dette på heimesida si fredag ettermiddag:

«VI TRENGER HJELP!!! Fordi vi må flytte kveldens arrangement til Samfunnshallen, trenger vi all den hjelp vi kan få. Det er "tonnevis" av ting som må flyttast! Har du tid å avsette for å hjelpe oss, møt opp i teltet snarast! Vi er takknemleg for all hjelp vi kan få!»

Elvisfestivalen må innomhus

TOMT: Tomt festivaltelt i sentrum av Måløy i kveld.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Samfunnshallen

– Arrangementet fredag går etter tidspunkta som er fastsett, men vi flyttar det til samfunnshallen, seier Taraldsen.

Elvisfestivalen må innomhus

SKYTTEL: Bussane tok folk frå festivalteltet til samfunnshallen.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

I samfunnshallen fredag vart det difor hektisk aktivitet med å flytte og sjaue alt på plass, berre timar før dei skulle sleppe inn folk frå klokka 19:30 og utover.

– Folk kan møte ved festivalteltet. På andre sida av gata vil det gå bussar i skytteltrafikk til samfunnshallen, seier Taraldsen.

– Sol laurdag

Elvisfestivalen må innomhus

TRAVLE: Marleén Blaalid Hodne og Geir Liseth i ferd med å få ut stolar til publikum.

Foto: Tore Skaar

– Kva konsekvensar får dette?

– Konsekvensane er at vi har to utescener i sentrum som blir ståande tomme fredag, og færre folk ute i gatene, seier Taraldsen.

Han augnar likevel håp for resten av helga.

– Vi skal få sol laurdag. Så arrangementa resten av helga vil føregå ute i flott vær, meiner Taraldsen.