Hopp til innhold

Første folketalsnedgang på 12 år: – Må satsa på ungdommen

FØRDE (NRK): Fleire læreplassar og betre kontakt med ungdommen. Det trur fylkesordføraren kan føre til ny auke i folketalet på ny, etter første nedgang på 12 år.

Jenny Følling reagerer på forslag ny fordeling av rasmidlar.

NEDGANG: Siste det var negativ folkevekst i Sogn og Fjordane var i 2006. No vil fylkesordførar Jenny Følling snu trenden igjen.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Dette er ingen grunn til å feira, seier Jenny Følling (Sp), fylkesordførar i Sogn og Fjordane.

For medan alle fylke i landet hadde folkevekst i 2017 gjekk talet ned med 36 innbyggjarar i Sogn og Fjordane. Det viser tal som SSB har lagt fram.

I 18 av 26 kommunar vart det nedgang i fjor. Det er dårleg nytt, meiner fylkesordføraren.

Reiser heim att

SSB-tala viser at dei siste åra har innvandringen auka. Det same har utvandringa. Verst stilt er det i Årdal med 86 færre innbyggjarar på eit år. Vidare følgjer Bremanger og Hyllestad med høvesvis 80 og 60 færre innbyggjarar.

– Industrikommunane har hatt mykje arbeidsinnvandring frå Aust-Europa. Der begynner ting å sjå betre ut og då vil dei heller reise heim att for å jobba. Og då må ein kanskje rette seg meir mot eigen ungdom og gjera seg lekker for dei. Tilby læreplassar og halde kontakten med dei, slikt at dei får lyst til å arbeida i sin eigen kommune, seier Følling.

Ein av arbeidsinnvandrarane er polske Jaroslav Labecki som jobbar som tømrar i Førde.

– Eg kom til Norge for å tene pengar. No veit ikkje kor lenge eg vil bli verande, seier han.

I 2016 gjorde rekordmange av hans landsmenn det same og reiste heim att til Polen.

I Sogn og Fjordane er det låg arbeidsløyse. Det gjer bidreg også til nedgangen.

– Det er ikkje meir enn to år sidan det var masseoppseiingar i Nordsjøen og fylket vårt hadde rikeleg med tilgang på arbeidskraft. Det gav folketalsauke på same nivå som resten av landet, fortel Følling.

Sist SSB sine tal for folketal viste nedgang for Sogn og Fjordane var heilt tilbake i 2006.

Mest fram på statistikken gjekk Sogndal med 118 nye innbyggjarar. 90 nye flytta til både Eid og Gloppen-