NRK Meny
Normal

Florømann nådde Mount Everest i natt

Florømannen Håkon Åsvang kunne i natt endeleg juble for å ha nådd toppen av verdas høgaste fjell.

Nordmenn på Everest

TO AV TRE PÅ TOPPEN: Håkon Åsvang (midten) og Mats Steinsland (til høgre) klarte i natt å stige opp på Mount Everest. Tommy Steinsland (til venstre) gjer sitt toppforsøk om nokre dagar. Her er alle tre samla under ein treningstur på Søre Dyrhaugstind i fjor.

Foto: Privat

Åsvang tok seg til den 8848 meter høge toppen natt til søndag samane med turkompis Mats Steinsland og fetteren hans Mats Steinsland.

Det er Bergens Tidende som skriv om toppturen til florømannen.

Kompisen var den første til å nå toppen klokka 02.30 i natt. Ein time etter tok Åsvang seg til topps. Mats Steinsland er venta å nå toppen om nokre dagar med ei anna gruppe.

Godt planlagt tur

Dei to kompisane har brukt lang tid på å planlegge turen. I 2014 prøvde dei, men måtte avbryte etter at 16 sherpaer vart drepne av eit snøskred. Likevel valde dei to å prøve seg på nytt i år.

Gjengen reiste til La Paz i Bolivia 23. mars for å akklimatisere seg, så reiste dei tilbake til Bergen ei veke før avreise til Katmandu 15. april. Dei er ikkje venta heim att før i byrjinga av juni.

Toppforsøket var planlagt å skje mellom 20. og 23. mai, då det pleier å dukke opp eit gunstig værvindu. Men godtvêret kom før planen.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.