Hopp til innhold

Første dag på jobb for batteriferja Ampère

Den skulle har vore i drift på fjorden frå første januar. I dag gjennomførte endeleg Ampère sin første ordentlege tur med bilar og passasjerar.

Ampere

FØRSTE TUR: I tok Ampère for første med seg bilar og passasjerar på ferjestrekninga Lavik-Oppedal.

Foto: Norled

Jomfruturen vart unnagjort utan dei store seremoniane. Det er likevel ein stor dag, seier viseadministrerande direktør i Norled, Lars Jacob Engelsen.

– Vi er stolte og glade for at vi har passert denne milepælen, seier han.

Problemfri jomfrutur

Han fortel at den første turen gjekk som planlagt, utan skjer i sjøen.

– Alt gjekk greitt og straumforbruket var slik vi hadde tenkt oss, seier Engelsen.

Dei komande dagane skal fartøyet gradvis fasast inn på sambandet.

Inntil vidare vil ferjene MF Stavanger og MF Oppedal ta unna rutetrafikken. Ampere vil i første omgang gå i tillegg til desse, men skal etter kvart overta dei regulære avgangane.

– Den vidare testfasen vil vise kor snart det vil skje. Vi ønskjer det skal skje så snart som mogleg, men vi må gjere dette på ein ordentleg måte, seier Engelsen.

Hald fram å teste ferja

Ferja har no lagt bak seg tre veker med testing på sambandet, etter at den første prøveturen vart unnagjort i slutten av januar.

Likevel vil altså Norled halde fram testinga med bilar og passasjerar før ferja gradvis vil ta over for den faste trafikken.

– Utfordringa er at dette er heilt ny teknologi i denne bransjen i verda. Det er heile tida små tilpassingar som må gjerast før vi kan vere i full drift, seier Engelsen.