NRK Meny
Normal

Forstår skepsis til legevakt

Fylkeslegen meiner kommunane har vore for dårlege til å informere innbyggjarane om det nye legevaktsamarbeidet.

Petter Øgar.
Foto: Roy Raasholm Fauske / NRK

Når ei felles legevakt for Sunnfjord og ytre Sogn trer i kraft i april i år, får ein lege ansvaret for 33 000 innbyggjarar utanom kontortid.

Pasientorganisasjonar fryktar eit reisetida vil bli svært lang som følgje av samarbeidet. Helsepersonell har peika på at dårlegare tilbod for mange.

Må fortelje om risiko

- Store avstandar gjer folk utrygge på kor lenge dei må vente på helsehjelp. Då er det viktig at ein gjer analysar og viser fram kva tider ein opererer med og kva slags risikoar som føreligg, seier fylkeslege Petter Øgar.

Til saman ni kommunar har bestemt seg for å vere med i legevaktsamarbeidet.

Øgar meiner det er på høg tid at innbyggjarane får meir informasjon om kva vurderingar som ligg til grunn for ordninga. Han trur fleire sider ved legevaktsamarbeidet er drøfta utan at innbyggjarane er informerte.

Vil fjerne skepsis

- Eg trur det er viktig å få det dokumentert og synleggjort for folk for å ta ned mykje av skepsisen som er til ordninga. Dei som skal etablere ordninga må vise fram kor lang tid det vil ta for ulike deler av fylket for å få ambulanse, seier Øgar, som understrekar at han meiner det er nødvendig med større legevaktområde for å få stabil legedekning i distrikta.

Fagdirektør i Helse Førde, Hans Johan Breidablik, deltek saman med kommunane i etableringa av legevaktsamarbeidet.

Han seier at det har vore gjort risikovurderingar, og at informasjonen blir sendt ut til kommunane dette gjeld i løpet av helga.

Legevakt i indre Sogn

Også kommunane i indre Sogn kan få felles legevakt.

Torsdag diskuterte personar frå ulike ståstader etablering av eit liknande legevaktsamarbeid som Nordfjord har innført, og som Sunnfjord og ytre Sogn er i ferd med å få.

- Det vil vere bra for rekrutteringa. Heimevakt er noko som yngre legar kvir seg for. Det viser seg også at mange søkjer vaktfrittak når dei vert eldre, og difor vert det færre og færre som står i vaktturnus, seier kommunelege Frode Myklebust i Lærdal.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.