Hopp til innhold

Forstår ikkje NS-bestefaren

Bestefaren til tidlegare teatersjef Terje Lyngstad var medlem i Hirden og NS-ordførar i Fjaler under andre verdskrig. – Eg forstår ikkje kva bestefar tenkte på, seier Lyngstad.

Terje Lyngstad

Terje Lyngstad sin bestefar, Olav Lyngstad, var 44 år då han melde seg inn i NS og vart ordførar i Fjaler i 1942.

Foto: Bård Siem / NRK

I går var det 77 år sidan dei tyske troppane rulla innover landet og Norge vart under okkupasjon i fem år. Terje Lyngstad har lenge lurt på kvifor bestefaren valde feil side under krigen. Nyleg var han difor på Riksarkivet for å lese landssvikdommen mot bestefaren.

Lyngstad sukkar når han les at bestefaren Olav Lyngstad melde seg inn i NS av ideologiske grunnar. Han løyvde også 300 kroner av kommunekassa i Fjaler til Frontkjemparkontoret. Frontkjemparane kjempa på tysk side mot russarane på austfronten.

– Bestefar var ein flott person som eg hadde eit veldig godt forhold til gjennom heile livet. Eg vart overraska og skuffa over at han hadde vore NS-medlem. Det var tydelegvis ei politisk overtyding som låg bak, noko som har skuffa meg mest, seier Lyngstad.

Bestefar var ein flott person som eg hadde eit veldig godt forhold til gjennom heile livet.

Terje Lyngstad
Landssvikdom mot Olav lyngstad

Her ser vi utdrag frå domen mot Olav Lyngstad. Han vart dømd for landssvik og fekk bot, men unngjekk fengsel. Han vart også frådømt røysteretten i 10 år.

Foto: Bård Siem / NRK

LES OGSÅ: Han har tilgitt nazi-bestefaren

LES OGSÅ: Ministeren som skaut under avrettingar

Dømd for landssvik

Samtidig går det fram av dommen at bestefaren ikkje har drive noko form for angiveri og han var ikkje var mistenkt for å ha oppført seg dårleg mot nokon. Bestefaren vart dømt for landssvik, men ikkje fengsel. I staden måtte han ut med 10.000 kroner i bot og erstatning. Han vart også frådømt røysteretten i 10 år.

– Det hadde vore verre å leve med dersom bestefar hadde angitt sambygdingar og hadde oppført seg stygt, seier den tidlegare teatermannen. Terje Lyngstad har vore sjef både for Hordaland teater og Sogn og Fjordane Teater. No jobbar han som lærar i vidaregåande skule.

Bestefaren Olav Lyngstad var 44 år gammal då han i august 1942 melde seg i NS og vart ordførar i Fjaler. Året etter melde han seg også inn i Hirden, som var partiet sin ideologiske og paramilitær organisasjon.

Åtvarar mot fascisme

Terje Lyngstad har berre positivt å seie om bestefaren frå då han sjølv var liten.

– Bestefar var veldig snill. Han var slik vi ville ein bestefar skulle vere, seier han.

– Du hadde altså ein snill og god bestefar som også var nazist. Er ikkje dette veldig i strid med den svartkvit-oppfatninga av nazistane og norske motstandsfolk som har vore rådande etter krigen?

– Ingen er lenger tent med denne svartkvit-oppfatninga. Samtidig vil eg ikkje gå inn i den unnskuldande måten å tenkje på og hevde at bestefar ikkje gjorde noko gale, seier barnebarnet.

Når bestefar kunne bli NS-mann, kan også mange andre velje feil.

Terje Lyngstad

Lyngstad nyttar høvet til å kome med ei påminning og åtvaring.

– Når bestefar kunne bli NS-mann, kan også mange andre velje feil. I den politiske situasjonen med fascistiske straumar som vi har i dag, har alle ei plikt til å seie nei, seier Terje Lyngstad. Han visste ikkje noko om at bestfaren var NS-mann før etter at bestefaren var død.