NRK Meny
Normal

Fabrikksjefen på Nortura vil ha indre trasé for E39: – Han bommar totalt, seier bondeleiar.

Bondelagsleiar i Eid, Knut Tore Nes Hjelle, meiner fabrikksjefen på Nortura bommar heilt når han påstår at E39 i indre trasé vil tene bøndene og Nortura best.

Knut Tore Nes Hjelle, leiar i Eid bondelag

OPPRØRT: Leiar i Eid Bondelag, Knut Tore Nes Hjelle, forstår ikkje korleis fabrikksjefen på Nortura har kome til sitt svar på reknestykket.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Valet om kvar E39 skal krysse Nordfjord har drege ut i tid. Det har vore sterke kjensler i sving, og frontane i debatten har vore harde. Regjeringa har varsla ei mogleg avgjerd denne våren, men det kom inga avgjerd på E39-konferansen i Førde i går.

Men stadig kjem fleire aktørar på bana med ei meining. Fabrikksjef ved Nortura, Eivind Fonn, sa til NRK i går at fjordkryssing av E39 bør skje i Stryn, fordi det vil gje lågast kostnadar for Nortura og bøndene.

Det har fått fleire bønder til å reagere med undring.

– Dette var total skivebom frå Eivind Fonn. Han er eigentleg ein fornuftig kar og ein dyktig fabrikksjef, men her tykkjer eg han bommar totalt. Eg kan ikkje skjønne at valet mellom indre- og midtre trasé har noko å seie for kor mykje bonden får utbetalt i kjøttpris, seier Knut Tore Nes Hjelle.

Trur ikkje Nortura kan rekne

Bondelagsleiaren klagar ikkje på at Fonn og Nortura uttalar seg, men sår tvil om innhaldet.

– Han må sjølvsagt få lov til å ha ei meining, men dette reknestykket hans held ikkje mål, seier Hjelle.

– Kvifor ikkje?

– Skulle Nortura meine trasévalet i Nordfjord hadde noko å seie for den totale økonomien til bonden, burde det eigentleg vore at den midtre traseen er det beste valet. Der er det trass alt kryssing midt i Nordfjord, med kortast avstand både innover og utover.

Men bondeleiaren understrekar at han ikkje trur trasévalet vil bety noko for økonomien til bøndene i fylket.

– Eg meiner han bommar heilt. Om det vert indre eller midtre, vert det så minimale forskjellar at det kan umogleg ha noko å seie for den totale økonomien til Nortura, seier Hjelle.

– Nortura skal ha meiningar

Det var i går ettermiddag fabrikksjef ved Nortura, Eivind Fonn, sa til NRK at trasévalet vil påverke økonomien.

– For Nortura i Førde vil det totalt sett vere rettast med kryssing i indre lei av E39 i Nordfjord. Det handlar om økonomien til bonden. Transportkostnadane vert lågare, og økonomien til bonden vert betre.

Fonn seier at dette standpunktet føreset at det kjem tunnel gjennom Utvikfjellet.

– Kjem ikkje den, så kjem vi framleis til å køyre mykje over Anda-Lote, seier han.

– Kvifor skal Nortura meine noko om det trasevalet?

Eivind Fonn

MÅ TORE: Fabrikksjef Eivind Fonn seier Nortura må ha meiningar, og seier indre trase er best for bøndene.

Foto: Bård Siem / NRK

– På ein slik konferanse som vi er på i dag, så er det viktig at eg som har ansvar for fabrikken og påverkar bonden sin økonomi, er tydeleg på korleis vi kan få ned transportkostnadane våre.

– Trur du alle bøndene som er medeigarar i Nortura vil vere like einige i denne konklusjonen her?

– Det vil dei kanskje ikkje, men eg har Nortura-hatten på og seier kva totalt sett kan gje lågast transportkostnadar. Det er indre trasé. Og det vil påverke alle produsentar i som høyrer til Nortura. På sikt vil det gje betre økonomi for bonden.

– Ser du nokre bakdelar ved at Nortura flaggar sitt synspunkt i denne saka?

– Nei, mi rolle er å drive anlegget og fabrikken så godt som mogleg, og halde kostnadane nede. Då må vi å kunne tore å ha meininga om kva som er rett for oss. Vi skal ha meiningar om det, seier Fonn.

Bondeleiar avslutning.

Men bondelagsleiaren i Eid, Knut Tore Nes Hjelle, står på sitt.

– Eg har fått signal frå mange bønder som ikkje skjønar utspelet til Fonn og Nortura. Vi kan ikkje skjønne korleis han har kome fram til konklusjonen om indre trasé, seier Hjelle.

Men han vedgår at det sannsynlegvis finst bønder som meiner noko anna.

– Sjølvsagt finst det nok bønder som av andre grunnar meiner at indre trasé er det beste, og dei tykkjer sikkert dette var eit flott utspel. Men dersom ein ser nøytralt på det, så tykkjer eg det var eit veldig pussig utspel.

– Men kan du sjå så nøytralt på det når du held til i Eid?

– Dersom eg ser nøytralt på det så kan eg ikkje skjønne at eg som bonde vil få noko betre pris med Nortura uansett om indre- eller midtre trasé vert vald.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser