NRK Meny
Normal

Forstår at kommunane slit med fristane

Større og vanskelege saker er forklaringa på at barnevernet i mange kommunar slit med å behandle saker i tide, trur forskar.

Jente ved vindu

KOMPLEKSE SAKER: Forskar Tone Jørgensen seier barnevernssaker i svært mange tilfelle er svært komplekse saker.

Foto: Scanpix / SCANPIX

Tre av fire kommunar i Sogn og Fjordane brukte i 2013 for lang tid på å behandle barnevernssaker, ein situasjon Fylkesmannen er svært uroa over.

Tone Jørgensen er høgskulelektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane og har forska på barnevernet. Ho seier det er svært viktig at kommunane gjer det dei kan for å undersøke sakene innan fristen, men forstår at dei slit med det.

– Ein kan aldri forsvare at dei ikkje held fristen, men ein kan forstå det og forklare det ut frå den kompleksiteten som pregar barnevernssaker i mange samanhengar, seier Jørgensen til NRK.no.

NRK fortalde i går at 19 av 26 kommunar i Sogn og Fjordane braut fristane for handsaming av barnevernssaker.

I løpet av tre månader, eller i heilt spesielle tilfelle seks månader, skal barnevernet ha avklart om barnet eller familien skal få vidare hjelp eller oppfølging. Men i 72 av fjorårets saker greidde ikkje det kommunale barnevernet i fylket å halde seg til desse fristane.

– Ikkje nødvendigvis så lang tid

Tone Jørgensen

FORSKAR: Tone Jørgensen har forska på barnevern.

Fylkesmann Anne Karin Hamre

UROA: Fylkesmann Anne Karin Hamre håpar barnevernet blir prioritert av kommunane.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Tone Jørgensen har i til saman eitt år vore ut i tre kommunar og forska på korleis barnevernet løyser problem og tek avgjerder.

Ho viser til at arbeidet som blir gjort i slike saker ikkje er spesielt enkelt.

– Det å hente inn informasjon og kartleggje familiesituasjonar i forhold til å identifisere eit problem, det er ikkje noko enkel affære. Og i den samanhengen er ikkje nødvendigvis tre månader så lang tid, seier ho.

Gjennom undersøkingane skal barnevernet kartlegge situasjonen i familien. Dei skal finne ut kva som er problemet, og i løpet av prosessen kan det skje ting som kompliserer prosessen, seier Jørgensen.

– Feil kan få store konsekvensar

Ein av kommunane som slit med å halde fristane er Førde kommune. Sidan 2010 har dei fått påpakning frå Fylkesmannen for fristbrot , og berre i perioden 2011 til 2013 braut dei fristen 55 gonger.

Einingsleiar for born og unge, Ove Mjåtveit, er samd med forskaren om at det er krevjande saker det er snakk om.

– Vi skal meine noko om menneske, og konsekvensane kan bli veldig dramatiske. Så det er ei påkjenning å jobbe i barnevernet, seier Mjåtveit.

– Tidsfristane er ein del av presset, og du veit at gjer du noko feil kan det få store konsekvensar for livet til barn og vaksne, seier han.

Håpar barnevernet blir prioritert

Det var i fjor fleire kommunar enn tidlegare som braut fristane. Dette er ein situasjon fylkesmann Anne Karin Hamre meiner må takast på høgste alvor.

– Det er fleire saker, meir alvorlege saker og vanskelegare saker. Og det er fleire kommunar som byrjar nærme seg ein alvorleg situasjon, seier ho.

Hamre fryktar barnevernet i fleire kommunar ikkje får nok ressursar og har ei klar oppmoding til dei som sit med styringa.

– Eg er oppteken av at politikarar og leiarar i kommunane bryr seg om barnevernet og følgjer med på korleis det går, seier Hamre.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå