NRK Meny
Normal

Er dette Norges sterkaste valfag?

NAUSTDAL (NRK): Knebøy, rykk, støyt og markløft. For 21 åttandeklassingar ved Naustdal barne- og ungdomsskule er desse øvingane blitt ein del av timeplanen.

Marius Fagerheim Aase (13) løftar vekter i vektløftinghallen i Naustdal

KONSENTRERT: Marius Fagerheim Aase (13) må vere konsentrert skal han greie å løfte med riktig tekninkk. Han er ein av åttandeklassingane som har vektløfting som valfag.

Foto: Arianrhod Engebø / NRK

– Det er tøft at vår vesle bygd har fått til å bli først i dette, seier Marius Fagerheim Aase (13).

Han er ein av åttandeklassingane ved Naustdal barne- og ungdomsskule som har valt valfaget fysiske aktivitet og helse. Hovudtyngda i dette faget ligg på vektløfting.

– Av og til har vi knebøy, rykk eller støyt. Også har vi trent på drag og markløft. Det er ikkje så veldig vanskeleg, men det kan bli litt tungt om ein tar tunge vekter på, meiner Marius.

– Kor tungt eg løftar kjem an på om eg er i slaget eller ikkje.

Ikkje som andre gymtimar

Valfaget med fokus på vektløfting er eit pilotprosjekt som blei sett i gong dette skuleåret.

Sandra Trædal underviser i timane. Ho er sjølv i vektløftareliten hjå Tambarskjelvar IL.

Sandra Trædal er lærar i vektløftingfaget

ENGASJERT LÆRAR: Sandra Trædal er lærar ved skulen og har sjølv konkurrert i vektløfting på elitenivå i fleire år.

Foto: Arianrhod Engebø / NRK

– I høve EM i fjor var vi rundt på skular og viste fram sporten, og då kom vi til å tenkje på at dette valfaget kunne vere ein god arena for å lære vektløfting vidare, forklarar ho.

Så langt har responsen frå elevane vore positiv. Dei visar stort engasjement i faget.

– Det er noko heilt anna enn ein vanleg gymtime. Elevane som ikkje er glade i slike gymtimar viser likevel at dei synast at det er kjekt å vere her, seier ho.

Blir betre av å hjelpe kvarandre

For Trædal er det stas å vere først i landet med dette faget.

– Det har vore veldig spennande. Dette er jo noko eg er veldig engasjert i sjølv, og Naustdal er jo vektløftarbygda, så dette har vore kjempeartig.

Silvia Bruflot (13) er ein av dei seks jentene som tek faget.

– Det er vanskeleg å gjere alle bevegelsane rett, for det er viktig at teknikken er riktig.

Silvia Bruflot (13) løftar i vektløftinghallen i Naustdal

GODE LOKALE: Treningane går føre seg i vektløftarhallen i Naustdal, som ligg rett ved skulen.

Foto: Arianrhod Engebø / NRK

Ifølge Trædal er dette noko av det som gjer vektløfting svært lærerikt for elevane å drive med.

– Dei blir meir bevisste på korleis dei sjølv trenar og hjelper kvarandre til å gjere det riktig.

Ønsker å halde fram

Sjølv om valfaget er eit pilotprosjekt, har både lærar og elevar lyst å halde fram med ordninga.

– Vi har eit sterkt ønske om å halde fram med dette også til neste år. Det er blant anna sjuandeklassingar som har kome til meg og sagt at dei vil ta dette valfaget til neste år, seier Trædal.

Også Marius har lyst å halde fram med vektløftinga.

– Det er kjekt å sjå at eg blir sterkare. Eg spelar mest fotball, men til og med då er det bra å vere sterk i beina.

Første i Norge som har vektløfting som valgfag.

Sjå saka frå Vestlandsrevyen.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.