Normal

Først spring han Mount Everest - så Skåla

Ein av dei beste fjelløparane i verda, som har sprunge opp og ned dei mest vanvittige stigningane, kjem til Loen i august.

Killian Jornet Burgada

LEGENDE: Killian Jornet Burgada har sprunge opp og ned både Mont Blanc og Kilimanjaro, og har vunne ei rekkje ultramaraton.

Foto: Pressefoto

Killian Jornet Burgada. For folk som kjenner til motbakkeløp gir namnet straks gjenklang. Den spanske motbakke- og fjelløparen har vunne både verdsmeisterskap og verdscupen i fjelløp.

– Han er ein skikkeleg stjerneløpar. Vi har hatt Ahmet Aslan og Jonathan Wyatt tidlegare, og dei er heilt i verdsklassen. Men den kan hende han vi har fått no er endå betre, og vil sette ny rekord, seier leiar for Skåla Opp, Erik Brendefur.

Skal springe Mount Everest

27-åringen frå Sadabell, like nord for Barcelona, har allereie gjort utmerka seg med nokre vanvittige løp. Han har vunne Skyrunner World Series seks gonger, og har vunne fleire av dei mest prestisjetunge ultramaratonane, inkludert Ultra-Trail du Mont-Blanc, Grand Raid og the Western States Hundred Mile Endurance Run.

– Dette ser vi verkeleg fram til. Han er først og fremst ekspert på fjelløp, men sjølvsagt også veldig god i oppoverbakke. Eg trur det kan bli ei veldig god tid, seier Brendefur.

Jornet Burgada spring 1500 høgdemeter dagleg. Han har sprunge opp og ned fjell som Mont Blanc (4810 moh.) og Kilimanjaro (5895 moh.). Denne våren satsar han på det høgaste fjellet i verda: Mount Everest (8848 moh.).

– Visst alt klaffar, trur eg det er mogleg å springe Everest på 20 timar. Får håpe sola skin, sa han i eit portrett i Dagens Næringsliv i fjor.

Skålatårnet i Stryn

NY REKORD: Erik Brendefur trur Jornet Burgada kan sette ny rekord i løpet som ender her, ved Skålatårnet.

Håpar å bryte magisk grense

Brendefur og Skåla Opp er strålande nøgde med at den allereie levande legenda Jornet Burgada skal springe dei 1848 høgdemeterane opp til Skålatårnet i august. Dei håpar både noverande rekordhaldar (med 1.07.06) Ahmet Arslan og den seksdoble verdsmeisteren i motbakkeløp, Jonathan Wyatt, stiller opp.

Ahmet Arslan

AHMET ARSLAN: Rekordhaldar.

Foto: Jan Erik Sandbakk

– Då har vi eit skikkeleg godt trekløver, samt Torbjørn Ludvigsen og Stian Hovind-Angermund. Då blir det skikkeleg tøffe tak oppover mot Skåla i år, seier Brendefur.

Same dag som dei opna påmeldinga 1. september i fjor, var dei 800 plassane i konkurranseklassen fullbooka. Til no har 400 meld seg på i konkurranseklassen. Brendefur håpar på mykje meir.

– Det kan hende vi kan nå den magiske 2000-grensa i år, det kan vere eit mål.

Vegopning på Bergum i Førde kommune