Hopp til innhold

Først ekstra pengar, så kutt

Helse Førde fekk sju millionar ekstra til psykisk helse, men no må dei kutte seks millionar kroner. Innsparinga er eitt av tiltaka for å få helseføretaket i balanse innan utgangen av året.

Førde sentralsjukehus
Foto: NRK

Men klinikkdirektør Ole Christian Reusch seier at dette ikkje skal gå ut over satsinga på dei yngste.

 

Men det er omfattande sparetiltak klinikkane no må setje i gong. Fleire avdelingar har fått tilsetjingstopp. Dette inneber at permitterte og sjuke tilsette i utgangspunktet ikkje blir erstatta.

For Helse Førde må kutte 23 millionar kroner innan utgangen av året. Seks av millionane skal kuttast på klinikk for psykisk helsevern. Køen for behandling der er alt lang, noko som både Helse Vest og pasientombodet har sagt at det hastar å gjere noko med.

No vedgår klinikkdirektør for psykisk helsevern, Ole Kristian Reusch, at kutta vil føre til endå lengre ventetid.

I tillegg til tilsetjingstoppen er det innført full stopp i innkjøp av nytt utstyr. Helse Førde har alt eit etterslep på dette på mellom 50 og 80 millionar kroner. No må det gjevast særleg dispensasjon om avdelingane skal få handle inn utstyr.