Normal

Forsøkte å valdta sovande venninne

Jenta sov og ana fred og ingen fare då den dåverande kameraten hennar brått forsøkte å valdta ho. No må han sone fleire år i fengsel.

Måndag 22. desember 2014 møttest dei to, saman med ei anna venninne, for å "råne" rundt i bygda. Etter kvart drog dei heim til fornærma i saka for å drikke. Dei avklara då at han kunne sove på gjesterommet til ho og sambuaren. Den andre jenta reiste då heim til seg sjølv.

– Fornærma har forklart for retten at ho brått vakna og følte at ho blei kvelt. Ho kjende at nokon sat oppå magen / hoftene hennar og at ei pute eller liknande blei pressa mot ansiktet. Ho prøvde å gjere motstand ved å vri seg og sparke. Når ho gjorde motstand blei ho slått med knytt hand i ansiktet, skriv Fjordane tingrett i dommen mot mannen.

På eit tidspunkt klarte ho ikkje meir og slutta å gjere motstand, og hamna på golvet. Då slapp tiltalte taket i ho og forlét rommet. Ho merka då at gjerningsmannen hadde kledd av ho bukse og undertøy.

Den 21 år gamle mannen innrømma i retten at han gjorde dette for å få tilgang til jenta sitt kjønnsorgan, og at motstanden var årsaka til han avslutta handlinga.

Retten finn det bevist utover ein kvar rimeleg tvil at mannen forsøkte å valdta den unge kvinna.

– Retten festar ikkje lit til tiltalte si forklaring når han hevdar at han ikkje hadde forsett om å gjennom føre samleie med fornærma, står det i dommen.

I tillegg til dommen for valdtektsforsøk blei mannen dømd for fleire tilfelle av seksuelle handlingar der han fekk mindreårige jenter til å sende bilete av underlivet sitt via sosiale medier.

21-åringen er no dømd til å sone to år og åtte månader i fengsel, samt at han må betale i alt 144.000 kroner i erstatning til dei skadelidne i saka.

Domfelte sin advokat, Per Kjetil Stautland, ønskjer ikkje å kommentere dommen utover at hans klient vurderer ei mogleg anke.

Vegopning på Bergum i Førde kommune