Hopp til innhold

Forsøkte å svindle bank

Ei kvinne i slutten av 20-åra frå Sunnfjord er dømd til fengsel for svindelforsøk mot ein bank.

Kvinna prøvde å ta ut nærare 10.000 kroner ved å vise eit falskt dokument som ho sjølv hadde laga.

Kvinna vedgjekk forholda i Fjordane tingrett, og er dømd til 15 dagars fengsel på vilkår og til å betale ei bot på 2000 kroner.