NRK Meny
Normal

Forsøkte å stikke av frå politiet

Det har vore ei travel natt for politiet rundt i fylket. Som vanleg natt til sundag har det vore mykje rus og uro.

Politibil
Foto: Sondre Dalaker / NRK

Like etter midnatt måtte politiet i Sogndal og Florø køyre heim folk som hadde fått altfor mykje å drikke.

Ikkje lenge etter, klokka 00.37, fekk politiet i Måløy melding om skadeverk på biblioteket. Ein person hadde knust ei rute. Politiet ber om tips i saka på 02800. Saka vert følgd opp av Vågsøy lensmannskontor.

Ordensuro og vald

Politiet rykte ut til ein slåstkamp ved ein utestad i Vik sentrum i natt. Dei to involverte er begge menn i 30-åra. Forholdet vert meldt.

I Sogndal vart ein mann i 20 åra vist bort frå sentrum grunna at han skapte uro. Han vert meldt av politiet.

Også i Stryn måtte politiet ta hand om ein mann i 20-åra, som nekta å fjerne seg frå sentrum etter pålegg frå politiet. Det vert oppretta sak på forholdet.

Tre menn i 30-åra hamna i bråk i ein privat bustad i Førde i natt. Politiet måtte rykke ut. Ein av mennene fekk medisinsk tilsyn. Også her blir det melding til politiet.

Forsøkte å stikke av

I samband med ein trafikkontroll i Førde sentrum forsøkte ein person på lett motorsykkel å kome seg vekk frå kontrollen.

Føraren av lettmotorsykkelen blei stansa og tatt med til lege grunna mistanke om promillekøyring. Førarkortet til mannen i 40 åra er mellombels beslaglagt og saka vert følgd opp av Førde lensmannskontor.

Under trafikkontrollar og promillekontrollar i Sogndal, Utnadalen og på Sandane forsøkte ingen å stikke av. Ingen vart tekne.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.