Hopp til innhold

Truga butikktilsett med ladd hagle

Væpna med ei ladd hagle, forsøkte mannen i 60-åra å true til seg pengar frå kassadama i Spar-butikken i Bygstad i Gaular. Snarrådig innsats frå dei tilsette og to kundar gjorde til at mannen vart overmanna utan at skot vart losna.

Bygstad

TOK MED SEG MANNEN: Mannen vart pågripen av politiet etter at kundar og ein tilsett hadde avvæpna og halde fast mannen i nærare 20 minuttar.

Foto: Johan Moen

Ranet fann stad like før klokke 18.00 fredag kveld.

Astrid Kapstad Tyssekvam var på jobb i Sparbutikken, og var plutseleg midt oppe i ein svært så dramatisk situasjon.

– Eg var på jobb og stod med kundar i kassa. Brått kom det inn ein mann med våpen og hette over hovudet, fortel Astrid Kapstad Tyssekvam.

Lada hagla midt i butikken

Mannen traska inn i butikken med ei hagle i hendene og gav høglydt beskjed om at han ville ha pengar frå kassa.

– Først trudde vi det var ein spøk. Mannen sa han ville ha pengar. Men så lada han hagla, og då forstod vi at det var alvor, seier Tyssekvam.

Trass i den pressa situasjonen hadde ho ro nok til å ringje sjefen, Olav Birkeland, og han var til alt hell i nærleiken.

Olav Birkeland

OVERMANNA MANNEN: Dagleg leiar ved Spar Bygstad, Olav Birkeland.

Foto: Spar

Avvæpna mannen saman med kundar

– Han kom, i tillegg til at det var to andre kundar i kassa. Dei tok grep og fekk den væpna mannen under kontroll etter eit lite basketak, seier Tyssekvam.

Birkeland og to kundar klarte å få mannen ut av butikken og tvinge frå han våpenet. Dei heldt han i ro til politiet kom fram på staden.


– Det er sjokkerande. Eg trudde jo det var ein spøk. Det trudde jo kundane også, seier Tyssekvam.

Er framleis skjelven

Ho stadfestar at ho kjenner identiteten til ranaren, og han skal vere heimehøyrande i Bygstad.

– Eg hadde aldri trudd eg skulle oppleve noko slikt i Bygstad. Aldri, seier Tyssekvam.

Ho fortel at det var ei skremmande oppleving, men at det hjelper å snakke om det.

– Det går seg til, men eg er framleis skjelven, seier Tyssekvam.

Ho er budd på at det endå ikkje har gått heilt opp for ho kva ho har vore igjennom.

– Eg veit ikkje om det heilt har gått opp for meg endå. Det kan no hende det kjem ein reaksjon seinare. Eg har fått tilbod om krisehjelp. Så får vi sjå kva det blir til. Eg er litt skjelven, seier Tyssekvam.

Mannen vart skadd i basketaket

- Mannen vart overmanna og fråteken våpenet. I basketaket vart våpenet delvis øydelagt. Dei heldt mannen i sjakk til politiet kom relativt kort tid etterpå, seier operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Nils Erik Eggen.

Mannen som no er pågripen vert først teken med til lege. Han skal ha fått kuttskadar i basketaket som oppstod.

- Mannen fekk noko skade etter basketaket, samt at han også av andre grunnar treng legetilsyn. Deretter vil det bli ein runde med politiavhøyr. Han vil også bli framstilt for fengsling etterkvart, men det kjem nok litt seinare, seier Eggen.

Er ingen kjenning av politiet

Han legg til at mannen ikkje er ein kjenning av politiet.

- Så vidt vi har funne ut er dette ein mann som er relativt ukjend for oss, seier Eggen.

Han karakteriserer hendinga som svært alvorleg.

- Så vidt vi forstår er dette eit væpna ran. Det høyrer til sjeldanheitene på våre kantar, så det må karakteriserast som ein svært alvorleg forbrytelse, seier Eggen.