Hopp til innhold

Forsøk på innbrot i pelsdyrfarm

Søndag ettermiddag prøvde ubedne gjester å bryte seg inn i ein pelsdyrfarm i Gloppen. Eigaren hadde alarm i revegarden og fekk melding om innbrotet på mobilen sin. Politiet har ingen mistenkte i saka.

Pelsdyr
Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Då eigaren av pelsdyrfarmen i Gloppen kom for å sjå kva som skjedde, oppdaga han at ubedne gjester hadde forsøkt å bryte opp ein skyveport. Pelsdyrhaldaren vil sjølv vil ikkje kommentere saka søndag kveld.

– Vi veit ikkje kva som har skjedd og kven som har prøvd å bryte seg inn i revegarden i Gloppen i 17-tida, seier operasjonsleiar Stig Inge Hauge.

Innbrot på pelsdyrfarm i Breim

INNBROT: I februar fekk tjuvar med seg skinn for ein halv million kroner frå denne låven på Breim

Foto: Sondre Dalaker(MMS) / NRK

Dette er andre gong i år at nokon prøver å ta seg inn i ein revefarm i Gloppen. I februar i år miste pensdyrbonde Odd Magne Støyva, 500 reveskinn til ein verdi av minst ein halv million kroner frå garden sin.

Snart ingen som orkar meir

Leiar i Fjordane pelsdyrlag, Håkon Lundestad, er både lei seg og opprørt over det som har skjedd.

– Det er heilt utruleg at dette kan skje på dagtid, men vi veit ikkje om det er dyrevernarar eller tjuvar som har vore på ferde. Det er snart ingen som orkar å halde på med pelsdyr lenger, dersom det berre skjer negative ting, seier ein skuffa Lundestad.

Søndag kveld var han i gong med å ringe rundt og informere dei andre pelsdyroppdrettarane i kommunen om det som hadde skjedd. I dag er det rundt ti bønder som driv med pelsdyr i Gloppen.

Har lita tru på oppklaring

Politiet har førebels ingen mistenkte i saka, og leiaren i pelsdyrlaget har lita tru på at dei finn ut kven som har prøvd å bryte seg inn i revegarden. Då Odd Magne Støyva miste skinna sine i februar i år, vart heller ingen tekne for ugjerninga.

– Det einaste vi kan gjere er å informere dei andre oppdrettarane i Gloppen, alle bør vere ekstra påpasselege etter det som har skjedd, avsluttar Lundestad.