Hopp til innhold

Vakthald, kamera og alarmknapp på bussane?

Dagen etter trippeldrapet i Årdal i november i fjor gjekk hovudtillitsvald i norsk transportarbeidarforbund, Dagfinn Haga, ut og kravde nye tryggleikstiltak på bussane. No er organisasjonane samde om ei rekkje tiltak.

Kripos sine teknikarar gjer undersøkingar ved bussen der tre personar vart drepne i Årdal

NYE TRYGGLEIKSTILTAK: Etter trippeldrapet i Årdal vart eit utval sett ned for å jobbe med nye tiltak for tryggleik på bussar. No har utvalet presentert rapporten og forslag om nye tiltak.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

– Vi er eit stykke på veg og har fått byrja med noko, seier Haga til NRK.

Han sat sjølv i utvalet som i dag la fram ein rapport som mellom anna går inn for kontantfrie bussar, kameraovervaking, alarmknapp eller naudknapp og betre, enklare og standardiserte rømmingsvegar.

Utvalet vart sett ned etter trippeldrapet i Årdal, og er samansett av medlemmar frå Norsk Transportarbeiderforbund, NHO Transport og Yrkestrafikkforbundet.

Utvalet opnar også for ei prøveordning med vakter på bussane og vil gje bussjåførar betre trening i konflikthandtering.

– Kontantfrie bussar det viktigaste

Dagfinn Haga

INGEN KONTANTAR: Det er det viktigaste blant forslaga, meiner Dagfinn Haga.

Foto: Adalheidur Audardottir Oldeide / NRK

Resultatet av utvalet sitt arbeid kan bli at alle må betale med kort på bussen. For Haga seier at dei er mest nøgde med at kontantfrie bussar no kan verte ein realitet.

– Det er det viktigaste, for berre litt kontantar på ein buss gir potensielle ran. Det opptek oss i det daglege. Kontantfrie bussar vil vi ha snarast mogleg, seier han.

Eit anna forslag dei no kjem med er kameraovervaking. Haga, som sjølv jobbar i Tide, seier at deira nye bussar har kameraovervaking allereie.

– Kamera kan vere førebyggjande dersom det blir opplyst om at det er kamera på bussen. I tillegg kan ein ta nokon visst det blir gjort ugjerningar på bussen, det har vi allereie gjort, seier han.

Ingen avskjerming av sjåførane

Det kanskje mest kontroversielle forslaget har vore fysisk avskjerming av bussjåførane. Det er utvalet negative til.

– Sjåførane vil ikkje ha det, dei vil ikkje sitje i eit bur. Då vil ikkje vi ha det. Vi forsøker med dette andre først, så får avskjerming eventuelt kome seinare, seier Haga.

– Må avvege ulike omsyn

Peter Midthun

VANSKELEG: Det er sikkert folk som vil reagere på forslaga, seier Peter Midthun.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Administrerande direktør i Firda Billag, Peter Midthun, seier ingen av forslaga er direkte nye, og at dei har vore diskutert i bransjen. Han reagerer ikkje spesielt på dei.

– Men det er klart at dette med kontantfrie bussar har med utviklinga i samfunnet å gjere. Det er ein diskusjon om ein skal gå til det steget å fjerne kontantar.

Midthun ser at folk kan reagere, både på kontantfrie bussar og på forslaget om kameraovervaking.

– Det er heilt sikkert folk som tykkjer det ikkje kan aksepterast. Kan kameraovervaking auke tryggleiken tykkjer eg det er positivt. Vi ville helst vore utan kamera, men på den andre sida vil vi beskytte oss mot hendingar. Alt dette må vi vege mot kvarandre, og det er vanskeleg, seier han.

Dei tre organisasjonane som presenterte rapporten i dag, vil no jobbe opp mot styresmaktene for at tiltaka skal bli innførte.