Hopp til innhold

Forslag til ny fordeling av rasmidlar vekkjer harme

– Veldig rart at Statens vegvesen vil avvike frå nasjonal skredfaktor, seier fylkesordførar Jenny Følling (Sp).

Jenny Følling reagerer på forslag ny fordeling av rasmidlar.

PRIORITERING: Fylkesordførar Jenny Følling er kritisk til Statens vegvesen sitt forslag til ny fordeling av rassikringsmidlar til fylkesvegane. – Når ein set av pengar til rassikring, så må ein prioritere dei med høgast risiko og la pengane gå til fylka som har størst utfordringar med ras, seier ho.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Det skal bli langt fleire om rassikringsmidlane dersom Statens vegvesen får det som dei vil.

For Samferdsledepartementet føreslår å inkludere middels rasutsette fylkesvegar når midlane til skredsikring skal delast ut. Det kjem fram i eit skriv NRK har fått tilgang til.

– Mi klare melding til departementet er å sjå på kvar rasfaren er størst og fordele midlane deretter, seier fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling (Sp).

Geografisk fordeling

Regjeringa har i Nasjonal Transportplan sett av 12 milliardar kroner til rassikring av fylkesvegane for 2018-2029. Av dette skal vel 4,4 milliardar fordelast første seksårsperiode.

Forslag til fylkesvis fordeling av skredsikringsmidlar 2018-2023

Fylke

Forholdsmessig fordeling (pro rata)

Fordeling etter høg og middels skredfaktor

Merknad

Sum

4.470.000.000

4.470.000.000

Østfold

Akershus

31.000.000

31.000.000

Oslo

Hedmark

6.000.000

6.000.000

Oppland

121.000.000

68.000.000

Alle tiltak innanfor høg og middels skredfaktor blir dekka.

Buskerud

28.000.000

28.000.000

Vestfold

12.000.000

4.000.000

Alle tiltak innanfor høg og middels skredfaktor blir dekka (dette er to tiltak med middels skredfaktor).

Telemark

146.000.000

135.000.000

Alle tiltak innanfor høg og middels skredfaktor blir dekka.

Aust-Agder

6.000.000

4.000.000

Alle tiltak innanfor høg og middels skredfaktor blir dekka (dette er eitt tiltak med middels skredfaktor).

Vest-Agder

60.000.000

60.000.000

Rogaland

100.000.000

100.000.000

Hordaland

815.000.000

822.000.000

Sogn og Fjordane

1.239.000.000

1.249.000.000

Dekker Samferdsledepartementet si forskuttering på fylkseveg 723.

Møre og Romsdal

601.000.000

606.000.000

Trøndelag

108.000.000

150.000.000

Nordland

369.000.000

372.000.000

Troms

453.000.000

457.000.000

Finnmark

375.000.000

378.000.000

Ekspander/minimer faktaboks

Til no er midlane i hovudsak prioritert høg skredfaktor. Statens vegvesen meiner det gir ei betre geografisk fordeling å inkludere middels skredfaktor.

– Vi viser dessutan til at fordeling etter høg skredfaktor kan føre til at enkelte fylkeskommunar gjennomfører prosjekt med middels skredfaktor slik at dei ved neste rullering av NTP/handlingsprogram sit med same grunnlag for fordelinga, skriv fungerande vegdirektør, Bjørne Grimsrud.

Får ein

Desse argumenta kjøper ikkje fylkesordføraren i Sogn og Fjordane. På skredfaktorskalaen har fjordfylket 80 punkt i kategorien høg som er kostnadsrekna til 7,6 milliardar kroner.

Legg ein til middels rasutsette punkt er ein oppe i 163 raspunkt og eit behov for 8,5 milliardar kroner. Statens vegvesen vil løyve 1,2 milliardar kroner.

– Vi får kanskje tatt det som står på første og andre plass, men står att med 78 prosjekt med høg skredfaktor. Samstundes ser vi at nokre fylke får løyst alt i høg og middels ramme, seier Følling.

– Egoistisk?

I haust blir det klart kva fordelingsnøkkel departementet landar på.

Får vegvesenet medhald betyr det mindre rasfarleg prosjekt i andre fylke får midlar framfor meir rasfarlege prosjekt i andre fylke.

– Eg ventar at regjeringa nyttar høg rasfaktor som hovudprinsipp, slik at dei mest rasfarlege vegane blir prioritert. Det er viktig fordi det er ein nasjonal standard for korleis rasfaktoren er rekna ut, og då må ein halde seg til det når ein fordeler pengane, seier Følling.

Ikkje egoisme

– Er ikkje dette ei egoistisk haldning?

– Nei, det er ikkje egoistisk å sikre dei rasfarlege vegane først. Det trur eg dei som bur langs vegane, køyrer skulebus og ferdast der kvar dag kan skrive under på. Det er ikkje kjekt å vite at det er høg risiko for at det kan komme ein stein i hovudet.

– Har ein etablert ein nasjonal standard for rasrisiko på vegnettet, så er det prinsippet som må gjelde ved fordeling av rasmidlane. Det er dei mest rasutsette vegane som må sikrast først, avsluttar ho.