Forslag til fylkeskulturprisen

Kjenner du nokon som fortener ekstra merksemd for kulturinnsatsen sin, som burde få fylkeskulturprisen 2018? Fylkeskommunen ynskjer framlegg til kandidatar innan 15. oktober. Prisen er på 50 000 kr og eit diplom, og utdelinga skjer i samband med fylkestinget i desember. Prisen har tidlegare gått til mellom andre Malakoff Rockfestival, Oddbjørn Hjelmeset og «Dans uten grenser».