Hopp til innhold

Forskingsrekord ved Høgskulen, men regjeringa er ikkje nøgd

Forskarane ved Høgskulen i Sogn og Fjordane fekk på eitt år 70 prosent fleire forskingsartiklar på trykk. Men det er framleis ikkje godt nok for å kunna stå åleine, meiner regjeringa.

Høgskulen i Sogn og Fjordane

UNDER PRESS: Høgskulen i Sogn og Fjordane er ein av 13 utdanningsinstitusjonar som inntil vidare får stå åleine.

Foto: Steinar Lote/NRK

Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) publiserer meir forsking til omverda enn nokosinne tidlegare. Fersk 2014-statistikk viser at HiSF-forskarane fekk 70 prosent fleire vitskaplege artiklar på trykk, i til dømes anerkjente fagtidsskrift, enn året før, noko som er rekord med god margin. Dette er forskingsartiklar som er vurderte av andre fagekspertar kringom i verda til å vera av høg kvalitet.

Politisk betydning

Erik Kyrkjebø

FORSKINGSVEKST: Viserektor Erik Kyrkjebø gler seg over rekordmykje forsking frå Høgskulen i Sogn og Fjordane som har kome på trykk i fagtidsskrift og andre forskingspublikasjonar.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Spesielt gledeleg er det at det er mange fleire tilsette som no publiserer. Interessant er det òg at fleire frå lærar-, sjukepleie- og sosialarbeidarutdanningane publiserer meir, seier viserektor for forsking og utvikling ved HiSF, Erik Kyrkjebø.

Forskingsveksten kan bli avgjerande for HiSF i tida som kjem. Regjeringa har brukt nettopp lite forskingspublisering som eit hovudargument for å slå HiSF saman med andre. I 2013 publiserte HiSF-tilsette berre halvparten så mykje forsking som snittet ved dei 20 andre statlege høgskulane i landet og var med det nest dårlegast i landet. 2014-tala for dei andre høgskulane blir offentleggjorde om eit par månader.

– HiSF har store utfordringar, til dømes at det blir forska og publisert veldig lite, sa kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H), då han vitja Sogndal i januar i år.

Framleis fusjonspress

Sjølv om HiSF har gjort eit solid byks oppover på forskingsstatistikken, kjem regjeringa framleis til å gjera det vanskeleg for høgskulen å stå åleine. Rett før påske la Røe Isaksen fram tøffe kvalitetskrav som han meiner skal gi betre undervisning og forsking. Kyrkjebø meiner HiSF vil klara å innfri krava:

– HiSF laga ein detaljert plan for korleis og når me skal nå måla. Og me har tiltak som eg trur vil gi ytterlegare effekt om få år.

– For små

Bjørn Haugstad

IKKJE OVERTYDD: – Regjeringa meiner at Høgskulen framleis ligg godt under det han bør gjera når det kjem til forskingspublisering, meiner statssekretær i Kunnskapsdepartementet, Bjørn Haugstad (H)

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

Statssekretær Bjørn Haugstad (H) i Kunnskapsdepartementet blir ikkje overtydd av gode forskingstal eitt år åleine:

– Utviklinga i seg sjølv er positiv. Men det er eit kjenneteikn ved nettopp små institusjonar at publiseringstala varierer mykje. Det illustrerer sårbarheita. Samstundes – viss dette representerer ein trend, så er det sjølvsagt bra. Men me meiner framleis at HiSF ligg godt under det han bør gjera innan forskingspublisering. Dersom høgskuleleiinga har planar for korleis dei skal få til ei god utvikling, vil me sjølvsagt drøfta det med dei.