Hopp til innhold

Forsking: Betre beiting gir høgare slaktevekt

Sauer og lam som får gå ein månad lenger på vårbeite har langt høgare slaktevekt enn sauer som blir sendt rett på fjellbeite.

Sau

TENER PÅ VÅRBEITE: Lamma veks raskare og får høgare slaktevekt om dei får gå lenger heime på vårbeite, syner ny forsking.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

Det kjem fram i ein ny forskingsrapport frå Norsk Institutt for Bioøkonomi (NIBIO). Forskarane der har dei siste tre åra testa ut i fullskala korleis ulike beiteforhold slår inn, både på kvaliteten på beitemarka, men også på kor mykje kjøt ein får att.

– Nettoproduksjonen auka ved å ha beiting. Det er jo eit interessant resultat av dette prosjektet, seier prosjektleiar og forskar, Håvard Steinshamn.

Lamma veks meir

I forskinga nytta dei eit område i Tingvoll som hadde vore ute av drift i om lag 10 år. Dei delte området inn med gjerde, og samanlikna korleis det gjekk med dei dyra som fekk sleppe rett til fjells, dei som var der heile sommaren – og dei som fekk kombinert forlenga vårbeite og fjellbeite.

Forskar Håvard Steinshamn

PROSJEKTLEIAR: Håvard Steinshamn ved NIBIO.

Foto: Olaf Østbø / NIBIO

– Vi tenkte at kva med å bruke areal som er på veg ut av drift, eller har gått ut av drift som ekstra vårbeiteressurs. Då fann vi at samanlikna med å sende sauen rett til fjells, og heller la dei beite ein månad ekstra, så får ein ekstra tilvekst og slaktevekt på lamma. Dei har då fått denne ekstra månaden på eit slikt vårbeite.

Jordbruksarealet minkar

Over heile landet, men særleg i Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og i Troms, har jordbruksarealet gått kraftig tilbake dei siste åra. Store areal blir ikkje lenger brukt, men gror igjen. Forskarane ved NIBIO meiner at det ligg eit stort økonomisk potensial i å ta desse områda i bruk att.

Dei vonar at den omfattande forskinga no skal føre til at fleire bønder vel å ta i bruk att innmark og utmark som har blitt liggande brakk, men det vil krevje samarbeid.

– Skal dette vere interessant for fleire bønder, så trur eg på eit samarbeid mellom mjølkeprodusentar og dei som driv med storfe. Til dømes mjølkebønder som kan bruke desse areala som beite for kviger. Vårbeite med sau om våren før dei blir sendt til fjells, så kan ein då drive med beiting på storfe og kviger på sommaren før sauene kjem attende frå fjellet til haustbeite, meiner Steinshamn.

Landbruksminister Jon Georg Dale

VIL HA MEIR BEITING: Landbruk- og matminister Jon Georg Dale ønskjer at meir areal blir teke i bruk for beitedyr.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Vil ha meir beitebruk

Landbruk- og matminister Jon Georg Dale frå Framstegspartiet er ikkje kjend med detaljane i forskinga til NIBIO. Men han er overtydd om at betre utnytting av beitemarka vil gje positive resultat.

– Først og fremst fordi at i utmarka ligg det eventyrlege beiteressursar som er billege å hauste. Det er arbeidskrevjande, men det gir unike produkt. Det handlar om variasjon i beite og ope kulturlandskap er eit resultat av dette. Det norske lammekjøtet er jo kjend for sin kvalitet, seier Dale.

Forskingsprosjekt på beite i Sunndal
Foto: NIBIO