Hopp til innhold

Forskaren såg ungane spele Fortnite – no lagar han dataspel mot flaumskader

Då han såg ungane sine spele Fortnite, fekk forskaren ideen til eit spel som skal redusere skadane når stadig sterkare flaumar råkar Noreg.

Oddbjørn Bruland sin eigendom vart øydelagd i flommen i Utvik

RÅKA AV FLAUM: Forskaren Oddbjørn Bruland blei sjølv råka av flaumen som velta inn over bygda Utvik sommaren 2017.

Foto: Anne J. Bruland

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Spelet vil vise realistiske konsekvensar av flaum, og gje deg ei betre forståing av årsak og verknad, seier Oddbjørn Bruland, professor i vatn og miljøteknikk, ved NTNU.

Han fekk ideen til spelet då han så ungane sine spele Fortnite.

I 2017 stod han sjølv med føtene midt i flaumen, då storelva i Utvik flauma over. Tomta der han vaks opp vart skyldt på fjorden, men han var heldig likevel. Huset stod midt i elva, der straumane gjekk på kvar side. Familien greidde å rømme i tide.

Opplevinga motiverte Bruland til å kome opp med nye tankar om korleis ein betre kunne føresjå konsekvensar av slike flaumar.

– Hadde dei kunne sett kor alvorleg ein stor flaum i Storelva kunne bli, kunne ein kanskje ha sett inn tiltak før det skjedde, seier han.

LES OGSÅ: Dei ville bygge ei framtid – men staten vil heller at garden skal rotne

Prototype av dataspel som har som mål å redusere skadeomfanget av flaum. Prosjektleiar er Oddbjørn Bruland, professor på NTNU

PROTOTYPE: Dataspelet er framleis i startfasen, men har som mål å lage realistiske scenarium av hendingsgangen ved flaum.

Foto: NTNU

– Auke merksemda om kva som skjer

– Teknologien kan vise seg å bli svært nyttig, ikkje minst for å bevisstgjere folk som bor langs små og store vassdrag, seier Hege Hisdal, hydrolog i Noregs vassdrag- og energidirektorat.

Ho presiserer at det er både praktiske og tekniske utfordringar med å få undersøkt og laga modellar av alle små og mellomstore vassdrag i Noreg.

– Skal spelet ha realistisk nytte med så realistiske scenarium som mogleg, må ein ha detaljert høgdekartlegging for det spesifikke området.

LES OGSÅ: Klimaendringar gir meir flaum og skred

Ho er likevel klar på at det er «kjempebra å få eit spel som kan auke merksemda og formidle ut i kommunane kva som skjer».

– Sjølv om naturkatastrofar svært sjeldan inntreff, er det viktig å ha kunnskap når det fyrst skjer.

– Enkelt å bruke

Bruland seier det viktigaste ikkje er å sikre heile vassdrag, men å forstå kva faktorar som forårsakar dei største problema – og med det hindre store materielle skadar og tap av menneskeliv.

– Eg håper det kan bli eit vektøy som er såpass intuitivt og enkelt å bruke at kommunane kan gå inn å vurdere dei ulike vassdraga i kommunen på ein relativt grei måte.

Flom i Utvik i Nordfjord. Veien er stengt. Reidar Torheim rydder opp.

STORFLAUM: I 2017 flauma storelva i Utvik over. Opplevinga motiverte Oddbjørn Bruland til å lage eit dataspel.

Foto: Hallgeir Vågenes / VG