Hopp til innhold

Forskarar vil ha svar frå 20.000 nordmenn om dei framleis vil ha vintertid og sommartid

Fram eller tilbake? I natt måtte du stille klokka til vintertid, men no vil forskarane ha svar på om du likar eller ikkje likar å drive med dette.

Sommertid er over

KVA VEG? I natt skal du stille klokka tilbake mot sommaren. Men no går diskusjonen om det snart er slutt på sommar- og vintertid.

Foto: Ole Berg-rusten / NTB scanpix

Natt til søndag klokka 3 måtte klokka igjen stillast tilbake til vintertid i Noreg og over 70 andre land. Altså ein time tilbake mot sommaren. Men vekslinga mellom sommartid og vintertid kan snart vere over i Europa.

I EU blir det no diskutert eit forslag om å gå bort frå systemet. Det er uklart kva Noreg kjem til å gjere. Ei forskingsgruppe ved Universitetet i Bergen ønsker no å undersøke kva nordmenn meiner.

– Vi veit at meiningane er delte. Mange er forbanna over forslaget om å avvikle sommartid, medan andre synest det er kjempebra. No vil vi vite kva fleirtalet meiner, seier professor Bjørn Bjorvatn ved Universitetet i Bergen til NTB.

– Det er ein fin ting

Ei rundspørjing NRK gjorde i Førde sist fredag syner at folk har delte meiningar om dette. Fleire synest det er på tide å avvikle heile ordninga med sommartid.

– Er det no på søndag? Eigentleg så er det i grunn noko tull, seier ei, medan ei anna slår fast at klokka stiller seg sjølv og at ho står opp.

Lise Hagenes meiner at vi bør behalde sommartid og vintertid.

– Eg synes det er ein fin ting på ein måte, i alle fall for oss her oppe i Norden. Det blir mørkare og så blir det lysare.

Bjørn Bjorvatn leier Nasjonal kompetanseteneste for søvnsjukdommar og er ansvarleg for undersøkinga. Han håper så mange som mogleg vil gå inn på lenkja www.sovno.no for å seie meininga si.

– Vi håper at meir enn 20.000 nordmenn svarer på undersøkinga. Jo fleire svar, jo lettare blir det å konkludere når det gjeld kva nordmenn meiner, seier Bjorvatn.

Då EU gjennomførte ei tilsvarande undersøking i 2018, svarte 84 prosent at dei ønskte å skrote sommartida.

Lise Hagenes om sommartid og vintertid.

SYNES DET ER GREITT: Lise Hagenes Lise tykkjer det er fint med eiga vintertid og eiga sommartid for oss her oppe i nord.

Foto: Elisa Håvarstein / NRK

Vil sjå på geografiske forskjellar

Dei som svarer, vil få ei automatisk tilbakemelding om dei fell inn under gruppa A- eller B-menneske. Om det er nokon forskjell i preferansar mellom dei to gruppene, er éin av tinga forskarane vil undersøke.

Forskarane er òg spente på om undersøkinga kan avdekke geografiske forskjellar.

– Det er jo stor forskjell på når sola står opp om morgonen og når ho går ned om kvelden avhengig av kvar du bur i landet, seier Bjorvatn.

Ventar på EU

Forskargruppa meiner undersøkinga vil gi nyttige svar som kan brukast når styresmaktene skal ta stilling til om Noreg skal halde fram eller slutte med å veksle mellom sommar- og vintertid.

Noregs tidsminister, næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H), har òg varsla at regjeringa vil sende spørsmålet ut på høyring.

Han seier norske styresmakter no ventar på behandlinga i EU. EU-kommisjonen har foreslått å gå bort frå ordninga, og det går for tida føre seg diskusjonar i rådet om saka. Målet er at EU-landa skal bli samde i byrjinga av desember.