Hopp til innhold

Forskarar vil forandre undervisninga

Korleis skal norske skuleelevar få betre kunnskap om den globale oppvarminga? Det skal fleire klimaforskarar no finne ut av.

Korleis skal skuleelevar få betre kunnskap om den globale oppvarminga?
Det skal fleire klimaforskarar no finna ut av. Dei meiner at det i dag er heilt tilfeldig korleis slik undervisning blir lagt opp.

UNDERVISNING: Dagens ungdom må kunne nok om klimautfordringane. Det meiner forskarar som no vil sjå nærare på korleis dei skal få det til.

For slik det er i dag meiner forskarane det er for tilfeldig korleis undervisninga rundt omkring på skulane er.

Og med eit klima i rask endring blir vala folk tek i kvardagen stadig viktigare. Difor må noko gjerast for å sikre at den oppveksande generasjonen kan nok, meiner forskarane.

– Det er ungdomen som skal ta over planeten vår. Vi ha ingen tid å miste, vi må få fram ei berekraftig haldning hos dei unge.

– Dei må kjenne til den situasjonen verda er i, og der er skulen den viktigaste formidlaren, seier John Brekke som er direktør ved Bremuseet i Fjærland.

Første forskingsprosjektet av sitt slag i verda

I det karakteristiske bygget i Fjærland i Sogn og Fjordane kan besøkande i løpet av nokre minutt få ei innføring i korleis klimaet har endra seg. Forskjellige utstillingar er laga til for å fange interessa til både gamle og unge.

Og spesielt dei unge er det viktig å nå, meiner Brekke. Han er ein av dei som har starta opp forskingsprosjektet for å finne ut korleis ein kan få til ei betre klimaundervisning i skulen.

Det er første gong eit slikt prosjekt blir gjennomført i verda, og forskarane er samde om ein ting. Kunnskapen om den globale oppvarminga ungdomen no står framfor, den får dei best gjennom skulen. Og for å fange interessa deira, må oppleving så sentralt.

– Ein må få med seg elevane ut i naturen, og bruke naturen som klasserom. I Sogn og Fjordane har vi sjansen til å gjere det på ein unik måte. Ta elevane med på eksperiment og liknande, seier Brekke.

Underviser i eit avansert tema

I Årdal er naturfaglærar Olav Vestrheim ein av dei mange som prøver å få ungdomen til å engasjere seg i klimaspørsmålet. Han prøvar så godt han kan å bruke eksperiment i undervisninga, men vedgår at det ikkje alltid er like lett.

– Nokre gonger fungerer det, og andre gonger det vanskelegare å forklare ting, seier han.

Han er klar på at klima er eitt av fleire tema det kan vere vanskeleg for elevane å lære seg godt nok.

– Klima er veldig avansert, om det er mykje elvane må kunne for å forstå det. Dei må ha kunnskap om svært mange forskjellige ting, for at dei skal kunne forstå heilskapen, seier læraren og held fram:

– Vi som lærarar opplever at nokon er veldig interesserte i dette faget, medan andre ikkje er så interesserte og har vanskelegare for å lære, seier Vestrheim.

Vil gjere lærarane tryggare

Forskingsprosjektet som no er starta opp i Sogn og Fjordane har som mål å sikre at klimaundervisninga blir betre, og meir lik. Brekke trur det er store skilnader på lærarane.

– Både kunnskapsnivået er forskjellig, og det kan vere forskjellige synspunkt blant lærarane på klimaendringane. Og det er klart det er ting som kan farge undervisninga, seier Brekke.

At nettopp Sogn og Fjordane er utgangspunkt for denne forskinga er heilt naturleg, meiner han.

– Vi har alle naturtypane her, ikkje minst Jostedalsbreen. Vi har eit rikt reiseliv, og det er mange i fylket som blir påverka av klimaendringane, seier han og viser mellom anna til reiseliv og landbruk.

Brekke trur det er mange måtar å gjere undervisninga betre på, og vil samle lærarane for å gjere dei betre rusta.

– Vi må gjere lærarane meir sikre på korleis dei formidlar kunnskapen om klimaet.