Forskarar spår halv meter auke i havnivået innan 80 år

FØRDE (NRK): Innan utgangen av hundreåret kan havnivået på Vestlandet ha stige med over ein halv meter, i Nord-Norge 30 centimeter og Oslo 20 centimeter. Konsekvensane kan bli enorme.

Marie Pontoppidan, klimaforskar ved Uni Research i Bergen

ALVORLEG: Innan utgangen av hundreåret kan havnivået enkelte stader ha stige med over ein halv meter, noko som kan få fatale konsekvensar, seier klimaforskar Marie Pontoppidan i Uni Research.

Foto: Bård Siem / NRK

– Ein så sterk auke i havnivået kan få ganske fatale konsekvensar, seier Marie Pontoppidan, klimaforskar ved Uni Research i Bergen, til NRK.

Ho viser til folk mange stader vil måtte rekne med å flytte for å kome seg unna sjøvatnet. Andre stader vil ein kunne tilpasse seg den nye kvardagen med høgare havnivå.

– Det vil bli skader på bygningar og vegar som sjølvsagt vil få økonomiske konsekvensar. Vi får håpe at ein unngår fatale hendingar, seier ho.

Her kan du sjå Norsk Klimaservicesenter sin klimaprofil for ditt fylke.

4,5 grader varmare

Med framleis raskt aukande klimagassutslepp kan vi i år 2100 også forvente at gjennomsnittstemperaturen blir 4,5 grader høgare enn i dag. Årsnedbøren vil auke med 18 prosent. Styrtregnet blir kraftigare og vil skje oftare.

a

Der raudfargen er sterkast vil havet vere 60 centimeter høgare enn dagens nivå om 80 år. Gul farge viser område der havet vil vere mellom 20 og 30 centimeter høgare enn dagens nivå. Kartet er henta frå rapporten «Klima i Norge 2100».

Dette fører igjen til at regnflaumane blir større og at dei kjem oftare. I lågtliggande område vil snøen bli nesten borte i mange år, går det fram i rapporten «Klima i Norge i 2100», som Uni Research har utarbeidd i samarbeid med Meteorologisk institutt og NVE. Dersom ein greier å redusere klimagassutsleppa vil verknadene av klimaendringane bli mindre.

  • LES OGSÅ:

Kritisk høge stormfloer

Stormfloene gjer vanlegvis stor skade kring om i landet, og ein har til no rekna seg fram til følgjande høgde over normalt havnivå for stormfloene: Oslo 1,9 meter, Stavanger 1,2 meter, Bergen 1,4 meter, Trøndelag 2,1 meter og Tromsø 2,2 meter.

– Ein viktig konsekvens av den forventa havnivåstiginga er at stormfloene blir endå høgare enn tidlegare. Ein forventar at dagens grenser for stormfloer kan bli overskriden 40 gonger i løpet av dei komande 80 åra, fortel ho.

Bernhard Øberg på kontoret

PÅ ALVOR: Teknisk sjef i Førde kommune, Bernhard Øberg, meiner at dei må ta klimaforskinga på alvor. Ein kan ikkje byggje nytt i område som er utsett for flaum, seier han.

Foto: Bård Siem / NRK

Skader på hus og eigedom

Teknisk sjef i Førde kommune, Bernhard Øberg, tek Pontoppidan sine klimaprognosar på høgste alvor.

– Eg hadde ikkje trudd at havet kan stige så mykje så raskt. Det er spesielt viktig å ta omsyn til auka havnivå i samband med nybygging, seier han.

Øberg viser til at Førdefjorden er smal, noko som gjer at stormfloene ikkje blir så høge der. Mange andre stader langs kysten vil kunne oppleve store oversvømmingar på hus og eigedom, fryktar han.

Josefine Horstad Øverås, som sit i ungdommens bystyre i Førde, meiner tiltak mot klimaendringane må setjast inn umiddelbart.

– Eg trur fleire og fleire byrjar å forstå alvoret i klimaendringane. Vi må redusere utsleppa av CO₂ så mykje som mogleg. Her må Norge vise veg, seier ho.

Bil i flomvann i Tvedstrand 22.oktober 2017

SJØVATN PÅ LAND: Flaumane vil ifølgje Uni Research bli større og hyppigare i åra som kjem. Om 80 år kan havnivået vere ein halv meter høgare enn i dag. Stormfloene kan bli to og ein halv meter over dagens normale havnivå. Her ser vi flaumen i Tvedestrand i oktober 2017.

Foto: NRK Sorlandet