NRK Meny
Normal

Forskarar på jakt etter ny kunnskap på Kinn

KINN (NRK): I fem dagar har arkeologar undersøkt ein gamal heller. Målet er finne samanhengar mellom ei legende og bruken av helleren.

Utgraving på Kinn

UTGRAVING: Tre forskarar undersøkjer den gamle helleren på Kinn.

Foto: Turid Astrid Reksten / NRK

Med stø hand på murarskeia og trente arkeologauge sit professor Knut Andreas Bergsvik på kne i helleren oppe i lia bak den gamle steinkyrkja på Kinn utanfor Florø. Det er mange holer og hellerar i Noreg.

Knut Andreas Bergsvik

ARKEOLOG: Knut Andreas Bergsvik

Foto: Turid Astrid Reksten / NRK

– Dei fleste holer frå eldre og yngre jernalder som er brukt til hushald, ligg lettare tilgjengeleg. Helleren på Kinn ligg heilt annleis. Sjølv om han ikkje er langt frå folk, er det vanskeleg og upraktisk å kome opp. Vi må dels klatre.

Bergsvik fortel at det er atypisk med tanke på hushaldsbruk.

– Det er upraktisk å kome hit for å bu og passe på husdyr. Men vi har og holer og hellerar som har vore brukte til ritual.

Forskar på legender

Utgraving på Kinn

VANSKELEG TILGJENGELEG: Helleren ligg i fjellsida og det er upraktisk å komme seg dit.

Foto: Turid Astrid Reksten / NRK

Det er spor etter ritual, både førkristne og kristne, forskarane frå Universitetsmuseet i Bergen håpar å finne når dei trassar bregner og tungt terreng med arkeologisk utstyr for å undersøke helleren.

Alf Tore Hommedal er mellomalderforskar og arbeider med legender, mellom anna legenda om Seljumennene og St. Sunniva, som blei Vest-Noreg sin vernehelgen.

– Allereie i den første omtalen av dei heilage på Selja, nedskriven om lag 1170, høyrer vi om at ein av båtane med båtflyktningar frå Irland, kom til Kinn. Dei to andre til Selja.

Utgraving på Kinn
Foto: Turid Astrid Reksten / NRK

Dyrka det heilage

I ei soge om Olav Tryggvasson frå 1190 flettar islendingen Odd Munk inn legenda om Sunniva.

– Munk seier og at på same måten som på Selja, så blir dei heilage dyrka på Kinn.

Det viser, ifølgje Hommedal, at det rundt 1190 var ein helgentradisjon på Kinn, og det er den mellomalderforskaren er på jakt etter.

Trur det er ein mur

Gitte Hansen

GREV I JORDA: Gitte Hansen er professor og med på utgravinga.

Foto: Turid Astrid Reksten / NRK

Tidlegare har det vore gjennomført to mindre undersøkingar. I 1930 blei det påvist brannlag og måltidsrestar, og i 1983 gjorde riksantikvaren registrering av kulturlag og ein mogleg mur.

Utanfor helleren fjernar dei no torv og ser nærare på steinlaga. Professor Gitte Hansen ser interessante fargeskilnadar.

– Vi prøver å dokumentere om steinane er eit murforløp, for det har arkeologar tidlegare tenkt.

Eit visuelt kontaktpunkt

Både på Selja og på Kinn er det ein heller nær høvesvis klosteret og kyrkja. Helleren på Selja har tydelegare teikn på rituell bruk og er lett tilgjengeleg. Det er den ikkje på Kinn.

– Den liturgiske funksjonen til anlegget på Kinn har vore annleis enn på Selja. Kinn er ein fantastisk plass med eit nydeleg kyrkjebygg som framleis er i bruk. Her har det kanskje vore meir vesentleg å konsentrere seg om den liturgiske aktiviteten i kyrkja og så ha helleren som eit visuelt kontaktpunkt, seier Hommedal.

Utsikt frå helleren på Kinn

UTSIKT FRÅ HELLEREN: Kinn kyrkje ligg like nedanfor.

Foto: Turid Astrid Reksten / NRK
Vegopning på Bergum i Førde kommune