Hopp til innhold

Forskarar i full krangel om fisk og vassdrag

Forskarar frå NIVA og Rådgjevande Biologar er i full krangel om kven som veit best kvar storauren gyt i Storeelva i Breim. Bakgrunnen for krangelen er at NVE har sagt nei til kraftutbygging i vassdraget, mykje på grunn av storauren.

1000317956

Forskarane kranglar så busta fyk om kvar auren gyt i Storeelva og Breimsvassdraget.(Illustrasjonsfoto).

Foto: Haarberg, Erlend / Samfoto

– Niva har ikkje fakta i denne saka og NVE har lytta til feil fagfolk, seier Geir Helge Johnsen, dagleg leiar i Rådgjevande Biologar.

– NIVA samla i 2011 inn 211 aureungar i Storelva. Desse fiskane har vi kjent på, tatt på, målt og vege, så Rådgjevande Biologar sin påstand om at vi ikkje har fakta i denne saka fell på si eiga urimelegheit, skriv Harald Borchgrevink i NIVA i ein e-post til NRK.

Rådgjevande Biologar sin påstand om at vi ikkje har fakta i denne saka fell på si eiga urimelegheit.

NIVA

Stor kraftutbygging

Bakgrunnen for krangelen mellom forskarane er at over 30 grunneigarar på Breim ønskjer å utnytte Storeelva til omfattande kraftproduksjon. Rådgjevande Biologar vart hyra inn som fiskefagleg ekspertise, og konkluderte i ein rapport med at ei eventuell utbygging ikkje vil få negativ konsekvensar for storauren.

Det er vi som har gjort observasjonane og det er vi som kjenner storaurane sin økologi på Vestlandet.

Rådgjevande Biologar.

Alternativ rapport

To andre grunneigarar reagerte på rapporten og hyra like godt inn NIVA for å få fram konsekvensane av ei utbygging. NIVA sine forskarar kom til eit heilt anna resultat, og viste til at ei utbygging vil få klart negative konsekvensar for fisken.

NVE lytta til råda frå NIVA har tilrådd at grunneigarane ikkje får konsesjon til å bygge ut vassdraget.

Meiner kraftutbygging ikkje vil vere skadeleg

På spørsmål til Geir Helge Johnsen om det ikkje er ein dryg påstand å seie at NIVA ikkje har fakta i saka, svarer Johnsen mellom anna følgjande:

– Det er vi som har gjort observasjonane og det er vi som kjenner storaurane sin økologi på Vestlandet. Ein kan ikkje sjå bort frå at det har vore storaure i denne delen av vassdraget, men området utgjer ikkje noko viktig habitat for storauren.

– Så ei kraftutbygging vil ikkje øydeleggje for storauren?

– Ei utbygging vil ikkje råke dei områda storauren brukar i Breimsvatnet-systemet. NVE har lytta på feil rådgjevarar, seier han.

Departementet avgjer

NIVA er av ei heilt anna oppfatning. I eposten frå Borchgrevink heiter det mellom anna:

«Den registrerte tettleiken av aureungar i Storelva i august 2011 tyder på ein vesentleg fiskeproduksjon i vassdraget. Om dette dreiar seg om ungar av elvestasjonær aure, vandrande storaure eller begge delar, kan vi ikkje svare på grunnlag av undersøkingane som er gjorde i dette prosjektet. Det vart derimot ikkje registrert kjønnsmoden aure mellom dei 211 innsamla individa i 2011. Dette kan tyde på yngelproduksjon frå vandrande storaure».

Saka ligg no i departementet som skal ta den endelege avgjerda. Kva forskarar ein vel å lytte til kan bli avgjerande for om det blir kraftutbygging i vassdraget eller ikkje.