NRK Meny
Normal

Forskarar får ikkje lov å delta i gruvedebatt

SINTEF, som har forska på konsekvensar av utslepp av gruveavfall i Førdefjorden, får ikkje lov av Nordic Mining å delta i ein offentleg debatt om resultata dei kom fram til.

Fjorddeponiet i Førdefjorden

FJORDDEPONI: Gruveavfallet frå fjellet skal i fjorden, om Nordic Mining får ja til gruveplanane.

Foto: Illustrasjon: Nordic Mining

Jan Henrik Sandberg i Norges Fiskarlag synest dette er uforståeleg.

– Vi har aldri vore borti noko tilsvarande. Dei som bidreg med informasjon til ei konsekvensutgreiing får ikkje høve til å formilde kva dei har kome fram til og korleis dei har kome fram til det. Dette bør bli del av den offentlege debatten, seier Sandberg.

Godtek munnkorga

Nordic Mining ønskjer å utvinne 200 millionar tonn rutilmalm over 50 år i Engebøfjellet i Naustdal. Gruveavfallet skal dumpast i fjorden.

Forskarar ved forskingsstiftinga Sintef fiskeri og havbruk i Trondheim var i fjor med på å utarbeide tilleggsundersøkingane om gruveplanane.

Ivar Fossum

NEI: Ivar Fossum og Nordic Mining vil ikkje la SINTEF delta i debatten.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Rapporten hevdar at utslepp i fjorden ikkje vil få alvorlege følgjer. Fiskarlaget vil gjerne debattere med forskarane bak rapporten, men det er heilt uaktuelt seier kommunikasjonssjef Karoline Ski.

– Vi deltek i debattar om forskinga vår når det er rom for det i prosjekta, men i dette prosjektet ønsker oppdragsgjevar å ta den vidare dialogen etter prosjektet er slutt.

– Fiskarlaget skal få svar

Administrerande direktør i Nordic Mining, Ivar Fossum, meiner at Fiskarlaget har fått all informasjonen dei treng, også utan ein debatt med forskarane frå Sintef.

– Vi har invitert fiskarlaget til å kome med sine spørsmål av alle moglege artar til oss. Vi skal sørge for at dei får svar, seier Fossum

Jan Henrik Sandberg i Norges Fiskarlag har ingen planar om å gje seg på saka.

– Vi forventar at det blir gjort fritt tilgjengeleg. Nordic Mining har fått 2,3 millionar kroner i offentleg støtte til å engasjere SINTEF. Vi vil halde fram planlegginga av eit slikt møte, seier han.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.