Hopp til innhold

Forskarane meiner denne kommunen har knekt bygdekoden

Kommunen ligg heilt i utkanten, og mange statlege arbeidsplassar har forsvunne. Likevel strøymer ungdommen til Aurland i Sogn.

Paraglider silhouette flying over Aurlandfjord, Norway

NATUROMGJEVNADER: Aurland har ein vakker natur, og det har næringslivet i kommunen klart å tene pengar på.

Foto: Thomas Mørkeberg

– Eg har budd 14 år i Bergen og likte meg godt i byen. Likevel enda vi opp med to små ungar her i Aurland, og eg har faktisk ikkje angra ein einaste dag, seier Nina Ohnstad.

Ho driv ein frisørsalong i Aurland, og har nett teke over garden ho kjem ifrå. Tidlegare har ho både studert og jobba i Oslo og Bergen, men sidan 2013 har ho budd heime i den naturskjønne sognekommunen.

Og ho er ikkje den einaste. Dei siste åra har den vesle kommunen hatt ei auke i folketalet på nesten hundre personar. Samstundes som nabokommunane slit med fråflytting. For ein kommune med rundt 1700 innbyggjarar er det ei solid auke.

– Vi har hatt ein veldig betydeleg vekst i folketalet dei siste ti åra, og det er ein stor optimisme i kommunen vår, seier ordførar i Noralv Distad (H).

Kommunen heilt inne i Sognefjorden har eit næringsliv som går som det grin, og mange unge folk som flyttar heim år etter år. Men korleis får dei det til?

Aurland ligg svært avsideligande til, næraste større tettstad er Voss, litt meir enn ein time unna. Kommunen har til og med opplevd å miste nokre av det vesle dei har hatt av statlege arbeidsplassar.

Forskarar har late seg fascinere

Paradokskommunen Aurland har fascinert samfunnsforskarane ved Telemarksforsking så mykje at dei bestemte seg for å gjere ei grundig undersøking av kva som er gjort i kommunen.

Noralv Distad på Flåmsbana

PÅ FLÅMSBANA: Reiselivet og den populære Flåmsbana er noko av det som har vore vellukka i Aurland dei siste åra.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

I ein forskingsrapport slår dei fast at Aurland er ein av dei distriktskommunane i Noreg som verkeleg har gjort mykje riktig. Og det mot alle odds.

– Det vi såg då vi gjorde eit djupdykk i Aurland var at det har blitt jobba veldig systematisk over lang tid med å dyrke det som er særeige for kommunen, seier seniorforskar Solveig Svardal.

Den siste tida har vi høyrt om at mange kommunar i distrikta fortvilar over at staten legg ned viktige arbeidsplassar på bygda, medan dei satsar i dei store byane.

Dette har også skjedd i Aurland, men det plagar ikkje ordføraren så veldig.

– I motsetnad til mange andre kommunar i området, har vi hatt veldig få offentlege arbeidsplassar. Då har det heller ikkje råka oss så veldig hardt når dei har forsvunne, seier han.

– Næringslivet er avgjerande

Distad trur sjølv at suksesshistoria til Aurland handlar om at kommunen har lagt til rette for og jobba i lag med næringslivet i lang tid.

– Å ha eit næringsliv som går godt er heilt avgjerande for at ein liten kommune skal lukkast, seier høgremannen.

Og også forskarane trur dette er noko av forklaringa.

– Det som er spennande med Aurland er at kommunen har hatt folketalsvekst sjølv om han ikkje ligg sentralt til, eller har andre føresetnadar som tilseier at det skal vere vekst der, seier Svardal.

Med turistmål som Flåmsbana og verdsarvområdet rundt Nærøyfjorden, er Aurland i dag eit populær turistmål. Forskaren trur ikkje dette er tilfeldig, og ho rår andre kommunar til å lære av korleis Aurland har tenkt veldig langsiktig.

– Det vi ser er at politikarane har utnytta til dømes verdsarvstatusen veldig godt, og laga langsiktige planar for korleis dei kan dyrke dette fram og byggje ein merkevare.

Nina Ohnstad er i alle fall heilt klar på at det er meir freistande å flytte heim til ein kommune i vekst, enn til ein kommune som slit med fråflytting.

– Det er ein stor fordel at det er ein stad der det skjer ting, og der folk vil bu. berre sidan vi flytta tilbake har det vore utvikling, og det er viktig, seier ho.