NRK Meny
Normal

Forskar: Kulda tar knekken på brunsnigelen

Dersom det kalde vêret held fram, kan det bli færre «mordarsniglar» å sjå i hagane i sommar.

Iberiasneglen

UVELKOMEN: Brunsnigelen har funne vegen inn i over 200 kommunar. No kryssar mange fingrane for at kaldt vêr kan gi færre sniglar til sommaren.

Foto: Roald, Berit / SCANPIX

Den er brun og slimete, og til stor ergring for mange hageeigarar. Trass mange forsøk på å utrydde brunsnigelen, er den nok komen for å bli.

Men i sommar vil du truleg sjå færre av sniglane i hagen din – dersom minusgradene vi har sett dei siste dagane held fram.

– Berrfrost som vi ser på Vestlandet no, kan påverke bestanden av brunsniglar til våren drastisk, seier Bjørn Arild Hatteland, biolog ved Universitetet i Bergen.

Klarer nokre få minus

Brunskogsnigelen, også kalla mordarsnigel, er blitt hageeigarar sin verste fiende dei seinare åra. Snigelen kan bli opp til 15 centimeter lang, og er kjend for å øydeleggje blomar, grønsaker og frukt.

Kvar snigel kan legge opp til 400 egg kvar, som klekkast på hausten. Vinteren tek knekken må på mange av sniglane, men egg og unge sniglar vil imidlertid overleve på frostfrie plassar nede i jord, under steinar, i komposthaugar eller liknande.

Men er det kaldt lenge nok, kan det påverke kor mange ein vil finne i hagen til våren.

Brunsnegler

HARDFØRE: Om dei finn ein varmare plass i kompost eller under hageavfall frå i fjor kan brunsniglane overleve kuldegradene.

Foto: Privat

Vêrmeldinga går ikkje sniglane sin veg

Ifølgje prognosane vil det vere minusgradar til og med søndag stort sett over heile Vestlandet, sett vekk ifrå kyststroka.

– I både i Hordaland og i Sogn og Fjordane vil temperaturen halde seg på minussida til og med søndag. Men det spørst om det er lenge nok til å ta knekken på snigelen, seier Frode Hassel ved vêrvarslinga på Vestlandet.

– Dersom frosten varer eit par veker vil nok folk oppleve at det er færre sniglar i hagen enn i fjor, seier Hatteland.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.