– Når du reklamerer etter innbyggjarar, fortel du samtidig ei historie om at vi søkk. At vi må gjere alt dette for å få folk heim. Det er ikkje noko positivt signal, folk vil ikkje bu på ein stad som er på veg ned, seier forskar Gro Marit Grimsrud ved Norwegian Research Centre.
På ellevte året skal arrangementet «Heim i haust i Vågsøy» lokke til seg den attraktive ungdomsgruppa. Karrieremoglegheiter innan helsevesen, fiskeri og gründerverksemd skal freiste 10.-klassingar til ei framtid i heimkommunen.
Medisinstudent Erika Teige er ein av dei som held innlegg.
– Målet mitt er å bidra til at folk skal velje helsevegen. Noreg og kommunane treng helsefagarbeidarar og sjukepleiarar for å overleve. Eg vil òg bidra til at folk flyttar hit, seier ho.
Går nedover
Vågsøy er ein av mange distriktskommunar som treng å lukkast.
Ifølgje befolkingsframskrivingane til Statistisk sentralbyrå ligg kystkommunen an til ein befolkningsnedgang på 3,3 prosent fram mot 2040. På vegen ned får dei selskap av 40 prosent av norske kommunar.
Ei fersk meiningsmåling viser dessutan at fire av ti unge som bur utanfor Sogn og Fjordane, ikkje ser føre seg at dei er heimflytta innan fem år.
Vågsøy vil snu trenden. Men Grimsrud trur ikkje slike kampanjar nødvendigvis fungerer.
– Det kan verke motsett, men det er vanskeleg å måle kva effekt det har. Men ein kan spørje seg kva inntrykk det skapar av bygde-Noreg.
Forskaren meiner kommunane bør gjere seg attraktive til dømes ved å syte for bustader og arbeidsplassar.
Har mista ein generasjon
– Dei siste tjue åra har det flytta ut over 500 vågsøyværingar. Vi har mista ein heil generasjon av unge. Slik kan vi ikkje ha det.
Det seier Edvard Iversen i Aktiv Raudeberg, som arrangerer konferansen. Han trur ikkje «Heim i haust» verkar mot si hensikt.
– Eg trur heller det har vore mangel på informasjon. Når vi har snakka med bedriftsleiarar har dei nok med seg sjølv, dei greier ikkje kome ut informasjonen.
Han seier dei har sett direkte resultat av konferansen.
Heller ikkje Erika Teige er redd for at Vågsøy skal bli oppfatta som ein problemkommune. Men ho har meiningar om korleis ein bør lokke unge heim.
– Folk må ikkje bli pressa til å kome tilbake. Dei må vite om moglegheitene og sjå det positive ved å kome tilbake. Eg trur folk har godt av å flytte vekk litt, og så kome tilbake med gode idear. Det er slik ein utviklar seg.